Me er klar til senior-NM på heimabane i helga

No er det meste klart til senior-NM i helga. Stord BTK arranger i lag med Etne BTK og Norheimsund Bordtennis. Me satsar også på å ta ein del medaljar sjølv på heimabane. Hallvard har diverre meldt forfall grunna ryggskade, men me stiller sterkt allkavel. I single er jo Geir favoritt og toppseeda, men også Roger har store planar i helga. I lag er også Stord sedda som nr 1, men det blir hardare motstand no som Hallvard er ute av laget. I double og mix double er me ikkje blant dei største favorittane, men me håpar å bita godt i frå oss. I funksjonshemma skal me ta fullt hus i sitjande klasse, med Tommy på topp. I ståande klasse er det fyrst og fremst Thomas Sætre som er vårt håp, men me har også Nils Arne og Steffen som kan overraska. Også i den innlagte herrer B single og double har me fleire spelarar som kan hevda seg i toppen
Oppdatert : 05.03.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002