Uavgjort 3-3 mellom Stord - Laksevåg

Det blei ein lang og dramatisk kamp, nær sagt som vanlig mellom Stord og Laksevåg. Mistanke om boosta racket gjorde at kampen blei utsatt i rundt 45 min etter 2 kampar. Norsk bordtennis må ta dette problemet på alvor, og ikkje vera heilt handlingslamma. Så lenge dei spelarane som boostar har sånne fordelar, og ein ikkje kan måla dette, så må boosting tillatast straks. Stord BTK vil senda eit skriv om dette til forbundet, denne urettferdigheten kan ikkje fortsetja.
Roger var i bra slag i dag, vant greit mot Christian Ibenfeldt, og hadde 2-0 og 10-8 mot Peter Hedram, men Hedram kom tilbake og det blei 5.sett, der Roger vant knepent 11-9. Hallvard sliter med ein ryggskade, men tapte 3 jevne sett for Peter Hedram. Hallvard valgte å gje w.o. i kampen mot Espen Rønneberg for å spara ryggen til resten av helga. Dong Linghe gjer årsbete i denne lagkampen. Mot Espen Rønneberg leiar han 8-4 i 5.sett, men taper tilslutt 12-14. Bra dømming av domaren som vågde å dømma vekk Espen Rønneberg sine klart ulovlige server, då blir han plutselig ikkje så god. Dong taper 1. sett for Christian Ibenfeldt i avgjerande kamp, men vinner greit dei 3 siste og sikrar Stord 1 poeng. Dermed er det nok med siger mot Heros laurdag for å sikra sluttspelplassen. Heros var i støtet mot Eiker i dag, så det gjelder å ikkje ta for lett på kampen
Oppdatert : 06.02.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002