Fokus leiren blei vellykka

Som nevnt før var det 9 Stordspelarar på Fokus leiren forrige veka. Her er det Steffen og Ingvar som vurderer bading i da kalda vatnet på Haukeli. Det blei ein veldig bra leir, god trening med gode trenarar, veldig bra opplegg rundt overnatting og mat, samt bra opplegg sosialt med mange morsomme konkurransar. Fokus stilte opp med mange trenarar, og mange til sparring, samt at foreldre tok seg av matlaging og nattevakter. Alle Stordspelarane hadde god innsats under leiren og fekk forhåpentligvis god motivasjon til å trena hardt i sesongen som kjem. Ivar fekk utmerkelsen som årets gullgutt under leiren, ein prid som heng høgt. Under utdelinga blei det nevnt at han hadde glimt i auga, gode kommentarar, var omgjengelig og ein som ledarane hadde satt pris på å ha der.
Det var sjølvsagt mange som kunne fått denne prisen, men blant alle dei, var det altså Ivar som blei valgt ut.
Me skal prøva å få lag ut fleire bilder etter kvart, sjå på bildene på venstre sida
Oppdatert : 14.08.2008

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002