Ingvar og Ivar vant 11 år lag i dag

I dag var det sesongens andre lagcup for yngre på Stord.
I gutar 11 år vant Ingvar og Ivar alle kampane sine, dei vant 4-1 i finalen over Erlend Skeie Liland og Sveinung Hartveit frå Heros. Harald Mathias og Håvard blei nr 2 i eine pulja etter at dei vant 5-0 over eine laget frå Norheimsund. I andre pulja kom Morten (Rasmussen Kleven) og Steffen på 3.plass i pulja etter knepent 2-3 tap for det andre Norheimsund laget. Dei hadde også fleire jevne enkelt kampar mot Erlend S.Liland/Sveinung Hartveit, men tapte 1-4. Også Morten (Stokke) spelte godt i lag med Bård frå Etne og tapte såvidt 2-3 for Steffen/Morten. I 13 år lag spelte Bjarte med Sveinung frå Heros. Dei møtte tøff motstand, men Bjarte viste imponerande spel innimellom og var nære på å vinna ein kamp. Mari spelte i jenter 15 år lag saman med Ragna Grindheim,Etne. Det var ein kamp i den klassen og den vant dei 4-1, mot Hanne og Ingvild frå Heros. Dei fekk også spelt 2 andre lagkampar mot gutar, og Mari spelte fleire gode kampar der.
I 15 år lag spelte Thomas i lag med Marius, og det bleir naturleg nok hardt for Marius å gå opp i 15 år. Mot Fjell spelte Thomas/Marius veldig godt i dobbel, og vant 3-2 over Kalle og Jens, men diverre spelte Thomas ein dårlig kamp mot Kalle og tapte, og dermed blei det tap 2-3. Mot Heros fungerte det også bra i dobbel mot Gaute/Knut Johannes, sjølv om det blei tap 1-3. Her heva Thomas seg kraftig og vant 3-2 over Gaute etter ein god kamp, men igjen 2-3 tap.
Alt i alt viste Stordspelarane at dei har hatt fin framgong i det siste
Oppdatert : 26.01.2008

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002