Roger vant elite og Hallvard vant junior i Molde i dag

Det blei 2 klassesigrar til Stord i Molde i dag.
Roger vant herrer elite med 4-3(11-9) i avgjerande mot Zhang Xiaochen,Laksevåg etter å ha lege under med 1-3. I semifinalen vant Roger 4-0 mot Jonas Nilseng,Fokus
Hallvard spelte også bra, og kom heilt til semifinalen, der han tapte med knappast mulig margin 3-4(10-12 i 7.sett) for Zhang Xiaochen,Laksevåg. Men ein fin 3.plass på Hallvard. Kristoffer fekk 5.plass etter å ha tapt for Jonas Nilseng,Fokus. Kristoffer sleit med ei dårlig tå, og måtte trekka seg frå junior klassen.
Hallvard derimot gjekk heilt til topps i junior etter overbevisande spel. Han vant lett 3-0(11-5,11-5,11-5) mot Johannes Bratlie,Fjell i finalen og vant enkelt mot Magnus Bolstad i semifinalen og mot Achmed Chaer i kvartfinalen.
Thomas rauk ut mot ein av B-72 sine spelarar i junior. I gutar lag blei det 3.plass på Thomas og Sverre Hartveit,Heros, dei tapte 1-3 for Molde i semifinalen.
Me satsar på nye gode prestasjonar på sundag i Molde
Oppdatert : 03.11.2007

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002