Snøværet skapte problemer på heimturen frå Norheimsund

Forutan resultata frå Norheimsun Open som bleir lagt ut seint i går kveld, var det også i tillegg mykje gledelig spel av våre spelarar. I gutar 11 år, hadde me 4 av 5 spelarar, og sjølv om Thomas og Asbjørn tapte for Heros sin gode jentespelar Helene Nesheim, viser klassen at Stord har eit sterkt lag i denne klassen. Anders var svært nære på å gå vidare i gutar 15 år, men ein siger og to jevne 2-3 tap var dessverre ikkje nok. Også Hans Arne og Kristian viste ein del bra spel, men manglar ein del kamptrening for å få vist sitt beste. Hallvard har løfta seg veldig i haust, og braut ein liten barriere då han slo Norheimsund sin gode gutespelar Toralv Tolo 3-2 i finalen i 13 år, etter å ha lege under med 0-2 i sett, og 3-8 i 5.sett. Toralv Tolo er ranka som den 10 beste i 15 årsklassen i Norge. I senior tok Morten avskjed med C-klassen ved å vinna greit 3-0 over Don Alexander,Heros i finalen. Morten rykker opp til B-klassen 1.november. Nils Arne spelte også ein del gode kampar, men mangla det vetle på slutten for å gå vidare. Atle vinner veteran som venta, og saman med Morten vert det ein siger i double, etter fint taktisk spel, der dei var hardt ute mot ungdomen, både i semifinalen mot Kjetil Sætre/Toralv Tolo og i finale mot Kjell Erik Bakke/Ola Ingar Norheim. Det byrja å snø ein god del i Norheimsund like før me skulle reisa heim, og både Morten og Atle som hadde satsa på sommardekk sleit ein del. Morten kom seg tidlig avgårde og snigla seg over Kvamskogen, men utover Samnangerfjorden,når han skulle opp mot Os på det samalaste blei det for glatt. Han kom ikkje opp bakken, og etter å ha brukt opp dei 3 forsøka han hadde, måtte han snu og kjøra om Nesttun. Atle og Per Geir valgte å kjøra sørover Hardangerfjorden og over til Tysnes for å sleppa fjellovergongane. Atle fekk problemer etter å ha komt i 30 km/t over ein bakketopp. Det kom ein bil imot på ein smal veg, opp ein slakk bakke, og bremsene nytta lite. Då var det berre å sleppa opp og håpa på det beste. Bilen retta seg heldigvis opp like før den andre bilen, og me sneik oss forbi, sjølv om me hadde to hjul i grøfta, samt at det kom eit par kraftige dunk. Det var aldri fare for oss som sat inni, men det kunne nok gått nokre tusen ut av lommaboka om me hadde truffe den andre bilen. Det blei ein lang og rolig kjøretur vidare på vekslande føre, men me kom nå greit fram. Rapportane sundag går ut på at Villaen har godkjent bilen som skadefri !!
Oppdatert : 20.10.2002

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002