Roger og Thor Gunnar til topps i dobbel i veteran NM !

Stord tok 1 gull, 1 sølv og 3 bronse i NM for veteranar i Bergen i helga. Det starta laurdag med lagklasse. Stord 2 satte Fjell 2 på plass med 5-3 i 1.runde, her spelte Øystein Strand,Per Arne Pedersen og Arild Vatland. Stord 1 hadde w.o. I kvartfinalen blei B-72 for harde for Stord 2 og det blei 0-5 tap. Her spelte Ole Stokke i staden for Arild Vatland. Stord 1 med Roger,Thor Gunnar og Atle vant 5-1 over Jevnaker. Atle tapte for Thomas Møller, ellers blei det greie sigrar. I semifinalen hadde me diverre ikkje sjanse mot vinnarane Laksevåg, me tapte 2-5 etter at Roger vant sine to kampar. Seinare laurdag var det dobbel. Atle spelte med Svein Nessøy,Laksevåg i 50 års klassen. Me kom oss greit til semifinalen, men her tapte me for vinnarane Finn Åge Aas/Harald Pettersen,Sarpsborg. Me hadde kontroll på dei i 1.sett, men rota vekk da, og det var også jevnt dei to neste, men det haldt ikkje, seier Atle i ein kort kommentar.
I 35 år dobbel viste det seg at det var veldig mange jevne par, også som ikkje var seeda. Roger og Thor Gunnar spelte veldig bra, satte Lasse Ingebrigtsen/Thor Solheim på plass i semifinalen. I finalen vant dei overbevisande 3-0 over Mats Jønsson/Jon Olav Haugen, Heros/B-72. Roger var som vanlig veldig god, men også Thor Gunnar spelte kanonbra og fornuftig, og leverte alt i alt sin beste kamp gjennom tidene i denne finalen ! Meget sterkt gjort når det gjaldt som mest, og det ser ut som om sesongopplegget har klaffa veldig bra. Me gratulerer Thor Gunnar med sin fyrste NM tittel !
I single 35 år gjekk Roger greit til semifinalen der han vant 3-1 over Roy Høyland, Laksevåg. I finalen mot Anders Hovden,Laksevåg var han litt lite tent, og spelte litt taktisk dårlig til han å vera. Det blei derfor eit veldig overraskande tap for Anders Hovden. Me reknar med at Roger kjem sterkare igjen i nestte års veteran NM. Atle hadde som mål å ta sin fyrste single tittel i 50 års klassen i år. I pulja blei det hardt, sleit mot Jan Gulbrandsen,Kjelsås, men rodde det i land, det blei også tap for den seinare vinnaren Finn Åge Aas,Sarpsborg i pulja. I 8 delsfinalen blei det igjen ein hard 3-2 kamp mot Harald Pettersen,Sarpsborg, sjølv om det var klare 11-3 i 5.sett I kvartfinalen gjekk det betre og 3-1 siger over Terje Ekrann,Lynild. I semifinalen var den defensive fjorås meister Jens Fredrik Elverhøy, Sarpsborg motstandar. Det blei ein svært jevn kamp som gjekk over 5 sett. Atle leda 9-7 i 5 sett, men spelt taktisk dårlig på dei siste ballane og det blei tap 9-11. Bronse er greit nok, men litt skuffande at ikkje single tittelen kom i år heller. A.I. har i alle fall annonsert at det ikkje er snakka om å legga opp før ein single tittel er vunnen uansett !
Thor Gunnar prioriterte politikk(?!?) før single spel sundag, men av dei andre Stordspelarane var det kun Øystein Strand som gjekk vidare frå puljespel.

Oppdatert : 18.03.2007

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002