Hallvard sjuk i dag, kun 3 poeng og sluttspelplassen glapp

Hallvard måtte melda pass til dagens kampar, han låg med spybeigen og feber i går, og var ikkje frisk nok til å spela i dag heller. Thor Gunnar steppa inn og redda siger i fyrste kamp.
Når både Espen ( valgt å utvida kinaturen framfor å spela seriespel for klubben) og Hallvard (sjuk) var det klart at det var ei veldig vanskelig oppgåve for dagens Stordlag. 3/4 av Stord sitt 2. lag var på plass i Oslo for å spela 1.divisjon då dette blei klart. Me greidde ikkje finna ny 4. mann til 2. laget på så kort varsel, så Carsten Myhre blei stoppa like før han gjekk på flyet. Sandra Johansson var på plass i Oslo og me sendte avgårde ein søknad om å nytta hu i eliteserien. Sandra er klarert for spel i Norge, men ikkje spesifikk i eliteserien, den er lukka for damer( uvisst kvifor )men det kan søkjast om å nytta damer på særs høgt nivå før 1. august. Dette burde vera ein kurant sak å få dispensasjon på syns me, på lik linje som det vert gjeve dispensasjon på aldersgrense i eliteserien. Nå viste det seg nok ein gong at forbundet er ute etter "å ta Stord" og me fekk ikkje dispensasjon. Sist sesong braut som kjent Modum reglementet med å stilla med feil lagoppstilling i semifinalen, men sidan Modum er ein forbundsvennlig klubb lot forbundet det gå forbi, i staden for å diska Modum. Snakk om forskjellsbehandling !!
Thor Gunnar måtte difor steppa inn på kort varsel, og han gjorde sine saker godkjent.

I fyrste kamp mot eit redusert Katfosskameratene blei det 6-4 siger.Oppe vinner Roger begge, Kristoffer 1 og siger i dobbel oppe. Nede vinner både Tommy og Thor Gunnar 1 kampa kvar. Mot Høyenhall i dagens siste kamp tar Roger og Kristoffer alt oppe, men det held berre til 5-5 og uavgjort. Dermed er det ingen sjanse for sluttspel, sidan Laksevåg vant 6-4 mot B-72, og dei heilt sikkert slår Høyenhall i morgon. Stord møter B-72 i morgon og det er enda usikkert om Hallvard stiller her også.
Det einaste som kan redda sluttspel for Stord no, er om forbundet finner ut at Laksevåg ikkje har betalt 50 tusen i lønn i 2006 og 2007 til sin svenske proff. Me tar det for gitt at dei har sine saker i orden, men per dags dato er ingen skriftlege bevis lagt fram i denne saken.
Oppdatert : 03.02.2007

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002