Bra innsats under 1.dag av topp 12 på Modum

Tommy har allerede vunne sitjande klasse, som venta, medan Mona og Espen leiar sine klassar. I handicap spelar alle mot alle(sitjande og ståande), men det er kun mot sitjande som tel, og Tommy er ikkje i nærleiken av å tapa mot noken sitjande, men hadde ein hard kamp mot Andreas Aulie der han låg under 0-2 og vant 3-2. I herrer senior er både Roger og Zhu klar for kvartfinale, men dei tapte begge to kampar, så dei må skjerpa seg i morgondagens kvartfinale. Kristoffer var som venta sjanselaus i senior, og vant kun mot Sjur Pettersen, men hadde eit knepent to poengs tap i 5.sett mot Ali Ahman, Fokus. Kristoffer burde nok ha valgt å stilla i junior der han hadde vinnarsjansar. Det benyttar Espen seg av, og har hatt ein overbevisande dag med full pott mot Hallvard,Johannes Bratlie,Jan Fredrik Laursen,Kristoffer Esketveit og Aziz Chaer. Hallvard har vel spela midt på treet, har kun vunne mot Vegard Broch og Ahmed Chaer, og har tap mot Espen,Johannes Bratlie og Aziz Chaer. I dameklassen har Mona vunne alle kampane, men hadde ein hard kamp mot Sara Saarinen,B-72
Oppdatert : 18.02.2006

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002