Stord vant 8-2 mot Katfosskameratene, men tapte 2-8 for Fokus

Stord tok 2 nye poeng i dagens fyrste kamp mot Katfosskameratene etter 8-2 siger. Me vinner igjen alt oppe med Roger og Chao mot Chang Miao og Lasse Holm, men det er ein sliten Andersson som må ut i 5 sett i begge kampane. Nede vinner Kristoffer begge, mot Martin Røste og Magnus Gundersen etter overbevisande snuoperasjon mot Røste. Espen spelar bra mot Martin Røste og vinner, men taper klart 0-3 for deffensive Martin Gundersen. Hallvard stepper inn i dobbel med Espen i ein kamp dei taper. I siste kamp blei det tap 2-8 for Fokus etter at både Roger og Chao vant mot Stian Winther. Eirik Ansnes overraska og vant mot begge våre to oppe. Dette var ein mykje jevnare kamp enn resultatet tilseier. Båded Kristoffer og Espen spelte bra nede, Kristoffer tapte 2-3 jevnt både for Jamie Lindqvist og Ali Ahmad og Espen taper jevnt 2-3 for Ali. I tillegg taper Hallvard/Kristoffer ein jevn kamp 2-3 for Lindqvist/Ansnes.
Totalt sett er me fornøgd med 4 poeng i helga. Neste serierunde er på Stord, der me møter Laksevåg,Kåsen og BMK, alle svært viktige kampar med tanke på sluttspel
Oppdatert : 23.10.2005

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002