Oppsummering av lagkonkurransen i EM

Stord BTK har med 3 spelarar i EM: Hallvard Fjell som saman med vår nye spelar Kristoffer Hellerud spelte på gutelaget, medan vår andre nye spelar Espen Rønneberg spelte på juniorlaget. Espen var 4.mann på det norske laget og fekk kun spela i 2 landskampar der Norge vant begge og Espen fekk ein kampkvote på 3-0. altså bra, sjølv om me syns at Espen burde fått sjansen i fleire kampar. Norge blei tilslutt nr. 23 av 41. I guteklassen var Norge maks. ueheldig i innleiande pulje. I ei svært jevn pulje der Norge vant 3-2 over Spania,tapte 2-3 for Hellas,samt at Spania vant 3-2 over Hellas, blei Norge nr.3 i pulja på settforskjellen. Dermed kunne ikkje Norge bli betre enn nr 29. Det blei tilsutt ein 32.plass av 40 lag som då naturlig nok var skuffande for alle. Me er allikavel ikkje skuffa over innsatsen og spelet til våre spelarar, men det var så lite som skilte på ein betre plassering. Kan nevna at Spania blei nr 14 og Hellas nr 22, og Norge kunne like godt havna rundt dette. Kampkvotane var Kristoffer 9-4 i single og 5-3 i dobbel.Hallvar 7-5 i single og 3-2 i dobbel
Oppdatert : 21.07.2005

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002