Rapport frå NM for yngre

Her er ein utfyllande rapport frå NM for yngre. På bildet ser me deltakarane våre i lag med Cees Verkerk, stor og populær skøyteløpar frå Nederland på 60 talet. Han fortel om då han banka verdensrekorden til Per Willy Guttormsen på 10.000 meter med 18 sekundar. Lite veit han vel at onkelen til han som står på sida er oppkalt etter nettop Per Willy Guttormsen. Her er ein utfyllande rapport frå NM for yngre:
Me reiste nedover til Kristiansand torsdag førmiddag med kystbussen til Stavanger og vidare med tog til Kristiansand. Turen gjekk greit og me fant til slutt fram til resepsjonen på Hamresanden. Der traff me ein av dei store skøyteløparane frå 60/70 talet frå Nederland, Cees Verkerk. Det var naturlig nok berre Atle som kjente til han, men spelarane fekk høyra litt om bravande hans også.
Fredag starta opp med gutar lag, me var ikkje seeda, men trekkinga var me nøgd med. Laget bestod av Hallvard ,Torstein og Asbjørn. I 1. runde blei det ein 5-0 siger over Flint 2. 2. runde mot Jevnaker blei hardare. Hallvard hadde som venta ingen problemer med å vinna sine kampar, og dermed måtte Torstein og Asbjørn vinna to kampar. Det starta dårlig då begge tapte sine fyrste kampar 0-3. Så ordna Torstein ein siger mot Rupic i 5. sett etter å ha lege under med 2-5 i avgjerande.(2-5 i 5.sette skulle visa seg å bety Stordsiger i dette meisterskapet) Asbjørn ordna så siger mot Freitag, og ja, han låg også under med 2-5 i avgjerande, og også 5-9, men spelte fornuftig på slutten og vant, dermed 5-2 til Stord. I kvartfinalen var det Fokus, og her var me sjanselause. Det var kun Hallvard som i utgongspunktet kunne vinna kampar, og han vant også 1 mot Konrad Kaminski, men tok også sett mot Jonas Nilseng, men spelte ellers litt ujevnt i den kampen. Torstein hadde 2 jevne sett mot Kim Gustavsen, medan Asbjørn hadde 1 jevnt sett mot Gustavsen, og dermed 1-5 tap. I plasseringsspel 5-9, blei det 5-2 siger over Vikåsen, Hallvard tok 3 og Torstein og Asbjørn 1 kamp kvar. I kampen om 5-6.plass blei det ein jevn kamp mot Flint som tilslutt enda med 5-4 siger, og som vanlig vant Hallvard 3 medan Torstein og Asbjørn vant mot svakaste spelar på laget. Alt i alt ein god innsats i lag, der me fekk 5.plass av 33 påmeldte lag som nok var maks. av det me kunne oppnå.
Laurdag starta med gutar 13 år. Hallvard vant som venta lett pulja si. Torstein tapte for Bendik Berg-Jensen i ein jevn kamp, men gjekk vidare etter 2 sigrar. Jan Anders vant også 2 kampar og gjekk vidare, Asbjørn hadde 4 andre i pulja, men vant alle kampane og gjekk vidare. Thomas havna i ei hard pulje med bl.a. Johannes Bratlie og gjekk ti lB-sluttspel etter 1 siger og 2 tap. I sluttspelet tapte Jan Anders 2-3 i ein jevn kamp for Håkon Olesen,Vikåsen i 1.runde. Asbjørn tapte 0-3 for Hans Petter Nykkelmo,Vikåsen i 2.runde. Asbjørn gløymte sko på hytta og måtte låna noken glatte av Thomas, og lærte forhåpentligvis å huska alt til neste gong. Torstein hadde fin trekking og spelte seg fram til 8.deelsfinalen der det blei tap 2-3 i ein jevn kamp mot Yi Hiung Su,Jevnaker, men ein fin 9.plass. Hallvard som var vårt store håp i denne klassen gjekk enkelt til finalen, berre ein liten sleiv mot Jo Vegard Haugen,Vikåsen der han tapte eit sett. I semifinalen var det klar 3-0 siger over Lars Rønneberg, Kobra. Finalen (som venta mot Johannes Bratlie,Fjell)starta drålig med litt usikkert spel og Hallvard låg under med 0-2 i sett og 0-3 i 3.sett Han hadde allikavel ein veldig fin ro i spelet sitt og fortsatte med det han var god på, og snudde kampen til 2-2. I 5.sett låg han under med 2-5 ved sidebyte( og det betydde som kjent siger for Stord i dette NM) Han gjekk opp til à 5 og tapte så to nye ballar og låg under 5-7 før han avgjorde det heile med 11-7. Dermed var dagen redda for Stord ! Hallvard har vore klar favoritt, med Johannes som einaste utfordrar til denne tittelen, og det er ikkje lett å ha eit slikt favorittstempel der alle forventar at du vinner. Thomas spelte seg fram til kvartfinalen i B-sluttspelet etter to sigrar, men var ikkje heilt på topp denne dagen. Allikavel ei god erfaring for Thomas som neste år er gamal nok til å få spela alle klassar. Kun 5 min. etter finalen i 13 år måtte Hallvard og Johannes ut i semifinale i gutar dobbel der dei møtte Jonas Nilseng/Kristoffer Esketveit,Fokus/Modum. Det opna bra med 11-2 i 1.sett, så blei det jevnare, og det blei dessverre tap 9-11 i 5.sett til slutt i ein kamp dei ikkje hadde marginane på si side, og me følte vel egentlig at dei hadde fortjent å vinna kampen. Allikavel ein fin plassering. Torstein og Asbjørn røyk ut i 1.runde, medan Jan Anders som spelte med Eirik Vevatne,Norheimsund vant ein spennande 1.runde kamp mot Olesen/Sivertsen,Vikåsen før det blei tap i 2.runde
Sundag var det 15 år. Torstein spelte bra i ei sterk pulje, men gjekk ikkje vidare med 1 siger, Asbjørn røyk også ut etter 3 tap, medan Jan Anders nok ein gong gjekk vidare etter 2 sigrar. Hallvard haldt på å rota vekk puljesigeren då han hadde to matchballar mot seg mot Kristian Kvaale,Randesund, men berga seg fint inn.
Han nådde kvartfinalen, der det blei tap 0-3 for Espen Rønneberg,Kobra i ein ikkje altfor god kamp av Hallvard.
Alt i alt eit bra NM for Stord, og neste år satsar me på medalje i lag, og om to år tar me gull på heimabane ! Hvis spelarane er villig til å leggja ned den treninga som skal til. Heimturen gjekk greit for oss som tok tog og kystbuss, me var heima ca.23.30, medan Per Geir og resten av familien som kjørte fekk ein lang og slitsom tur med venting på trailervelt og 2.plass på ferja. Då var det sikkert godt å passera oss i bomstasjonen på Føyno og snika seg 2 min. før oss heim
Oppdatert : 15.03.2005

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002