NM for yngre i Kristiansand i helga

I dag reiser Stord nedover med 5 spelarar til NM for yngre i Kristiansand. Hallvard(bildet) er vårt sterkaste kort, dei andre som er med er Torstein,Asbjørn,Thomas og Jan Anders. Atle er med som lagleiar.
Hallvard er medaljekandidat i gutar 13 år, og om han spelar på sitt beste, kan han også vera med og kjempa om medalje i gutar 15 år og gutar 15 år dobbel der han spelar saman med Johannes Bratlie,Fjell. I lagklassen som tel heile 32 lag, er Stord ikkje seeda, og det er derfor vanskelig å sei kor langt det kan gå. Om me er heldig med trekkinga og ikkje møter dei 2 toppseeda laga, skal me bita godt i frå oss. Familien Fjell kjem nedover i løpet av fredag, og då vil også Øyvind bidra som lagleiar. Ryktene går også på at Morten vurderer å ta ein tur nedover.
Oppdatert : 10.03.2005

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002