Endelig litt positivt i eliteserien !

Stord tapte knepent 4-6 for Modum i dag, og 1-9 for Fokus, og det var mykje positivt spel. Spesielt Roger ser ut til å nerma seg NM form.
Fyrste kamp i dag var mot Fokus der det blei klart 1-9 tap, etter at Roger vant mot Eirik Ansnes. Hallvard Fjell debuterte i eliteserien i dag, og gjorde ein god innsats. I dobbel saman med Roger blei det knepent 9-11 tap i 5.sett mot Stian Winther og Jamie Lindqvist, og han tok sett mot Chriss Jonassen. Mot Modum blei det ein jevn kamp, der Stord tilslutt tapte 4-6. Roger vant både mot Roar Blikken og Weng Tao. Nede vant som venta både Morten og Tommy mot Joakim Solheim. Stord hadde sjansen til poeng i dag, då måtte Morten og Tommy ha vunne dobbel mot Joakim Solheim/Dag Frode Lobben, men det gjekk ikkje denne gongen.
Alt i alt var alle på laget godt nøgd med eget spel denne helga, og det var stor framgong frå tidligare i sesongen
Oppdatert : 17.01.2005

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002