Fin romjulscup onsdag. Alle på bildet stilte sjølvsagt !!

Det blei ein fin romjulsturnering i dag, med 4 utradisjoneller øvingar. Det var møtt fram 17 stk., og me starta med sprint, det vil sei 1 sett til 7 poeng med annan kvar serve, der 7-6 var nok for å vinna. Roger viste seg også å beherska sprint då han vant utan større problemer. Litt overraskande for mange kanskje at Carsten tok 2.plassen, tida vil visa om han er ein typisk sprinter.
Stian og Morten delte 3.plassen. Så var det klassisk, 1 sett til 21. Her var Roger enda meir overlegen, og vant som venta, her tok Atle 2.plassen, medan Morten og Thor Gunnar delte 3.plassen. Så var det dobbel, der me delte inn i gruppa A og B, og trakk ein frå kvar gruppe. Dei 8 beste var i gruppa A, og dei måtte spela med nybyrjar racket heile tida. Her var det 1 sett til 11. Her var det mange jevne kampar, men det var Atle og Arild som drog i land sigeren etter finalesiger over Roger og Asbjørn. Øystein/Hallgeir og Thor Gunnar/Henrik delte 3.plassen Tilslutt var det stafett, 4 lag med 4 spelarar på kvart lag. Kvar spelar spelte 7 poeng, altså totalt 28 poeng å spela, og fyrste lag til 15 poeng vant. Det var hemmelig oppstilling av laga, noko som gjorde at det veksla veldig kven som leia, akkurat som i vanlig stafett. Her seeda me slik at 2 frå gruppe A og 2 frå gruppe B var på lag. I ein uhyre jevn finale med 15-14 siger blei Øystein,Morten,Hallgeir og Arild vinnarar foran Atle,Carsten,Asbjørn og Bagher.
Til slutt vart det trekt to lag i fotball der både gamle og unge i alder frå 3 til 48 år var med. Det var ikkje tvil om kven som vant i fotball når både John Barnes, Billy Bonds og Keegan vart trekt på samme lag.........
Oppdatert : 30.12.2004

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002