16 personar påmeldt i klubbmeisterskap i tipping

Fylgjande 16 spelarar er klar for historiens fyrste klubbmeisterskap i tipping:Atle Irgens,Carsten Myhre,Jørn Kenneth Myhre,Knut Jonny Nylund,Morten Bendiksen,Nils Arne Stuve,Ole Morten Lie,Per Arne Pedersen,Per Einar Gjerding,Per Geir Fjell,Per Ånen Amundsen,Roger Andersson,Thor Gunnar Bjelland,Torstein Myhre,Yngve Irgens,Øystein Strand. Det er blitt ein fin blanding av ein del gamle stortipparar og ein gjeng yngre fremadstormande gamblerar. Knapp favoritt er som nevnt Per Ånen Amundsen, kanskje med Jørn Kenneth Myhre som outsider,Jørn Kenneth Myhre drog inn ein fin tolver på pausetipping i vår, men det spørst om han står distansen heilt ut. Nils Arne Stuve, ein nyfrelst stortippar meinar sjølv han er ein av favorittane. Me manglar foreløpig tips frå 3 deltakarar, men håpar sjølvsagt at dei når fram til perrongen før toget går. Alle skal kvar veke fram til og med siste laurdag i april tippa ein 64 rekkers kupong. Alle betalar inn kr70,- og dei overskytande kroner 6 går inn i ein pott som totalvinnaren stikk av med. Skulle det bli gevinst, vert den delt til slutt mellom alle som fullfører konkurransen. NB ! Har ikkje greid å få tipsa ut på heimasida, men den er sendt på mail til dei som har da. Ellers vil da liggja ein kopi på mixkiosken i Sagvåg rundt 15.00 tida laurdag
Oppdatert : 17.08.2002

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002