Sommarpraten i dag : "Mr.Bordtennis" Atle Irgens

Sommarpraten i dag er med vår alles Mr.Bordtennis, mannen som oppfant "Stellan serven". Egentlig skulle vel denne hatt navnet "AI-serven" (med og uten vridning).




1. Navn / Alder :Atle Irgens, snart 48 år.


2. Kvifor begynte du med bordtennis :Blei veldig imponert av Stellan Bengtsson og Kjell Johansson som spelte oppvisning i eit Erik Bye program, og når me hadde tre entusiastiske lærarar på Stord Ungdomsskule(Randi Wengen,Roy Fjellanger og Arve Blokhus) var det gjort.


3. Ditt største ønske for sommaren:Få trent godt(springing og styrke), samt vera skadefri og å få spelt ein god del golf.

4. Kva for andre idrettar driver du :Friidrett,Orientering,Langrenn,Golf, litt sykling, vurderer også å kjøpa klappskeiser


5. Har du andre hobbyar :Høyra på musikk, lesing, sjå film


6. Kva er ditt favoritt måltid:Min egen heimalaga pizza


7. Kjekkaste du ser på TV :Musikk (frå 60-70 talet),gamle bordtennisopptak som eg har filma sjølv, ellers sport, komdie som Monthy Pyton, Karl og Co,Kongen av Queens og fleire


8. Har du ein god vits du vil fortelja oss:veldig fristande med ein om to bilar som kolliderte på ein grusveg, men eg trur at noken andre kjem med den, så då tar eg den om løva som sprang etter ein sau i ørkenen. Når dei kom til ein oase, klatra sauen opp i treet, og løva la seg under for å venta. Etter ei stund syns sauen da blei litt varmt, så han begynte å plukka av seg ull. Då trudde løva at det snøa og fraus i hjel……


9. Kven er din ønske medspelar i double: Stellan Bengtsson


10. Bordtennis forbilde :Stellan Bengtsson


11. Nevn nye 2 spelarar du kunne tenkja deg spelte for Stord BTK : Tom Johansen, Jostein Johansen


12. Kva fotball lag held du med: West Ham United


13. Kva blir høydepunktet for deg komande sesong : Å få til eit godt senior NM arrangement, samt få med ein god gjeng til veteran NM der me skal gjera det godt.

14.Kva tid trur du den nye bordtennishallen til Stord BTK er ferdig:sommaren 2006


15. Største opplevelse siste sesong :Å få spela double i lag med Harald Nilsen, samt at me greide å få til eit veldig godt 30 års jubileum i klubben.


16. Favoritt musikk :The Beatles i særklasse, men også mange andre frå 60 og 70 talet.


17. Favoritt hall (trening / stevne) : gode gamle Turnhallen på Stord


18. Kven er verdens største idrettsutøvar uansett idrett etter di meining: Carl Lewis og Bjørn Dæhlie


19. 3 ønsker for kommande sesong : Å få starta på bygginga av den nye hallen, få i gong ein skikkelig klasseturnering for skulane på Stord, at me har mange yngre og eldre som vil trena mykje.


20. Ellers noko du vil sei : Fisk

Oppdatert : 13.07.2004

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002