3.plass til Hallvard i NM for yngre i 13 år og bra innsats av dei andre

Som venta var det Hallvard som hevda seg best av våre spelarar i NM for yngre i Norheimsund i helga. Arrangøren Norheimsund skal ha ros for eit prikkfritt NM, som i tillegg hadde stilig opning, premiering og avslutning. Eg er villig til å låna Samaranch sin omtale om OL på Lillehammer og kallar årets NM for yngre for:"The best NM for yngre in the history"
Laurdag var det gutar double og gutar 13 år, i double tapte Hallvard og Mathias Borgersen,B-72 overraskande i 1.runde for eit par frå Molde, og heller ingen av våre andre gjekk vidare. I 13 år gjekk Hallvard,Torstein,Asbjørn og Thomas I. vidare frå pulja. Asbjørn møtte Achemd Chaer i 1.kamp og tapte som venta, men kunne tatt eit sett,dei tre andre gjekk lett vidare med 3-0. I 8-dels finalen vant Hallvard lett,Thomas tapte som venta 0-3 for Kristoffer Hellerud, men hadde à 9 i 1.sett,Torstein spelte ein veldig god kamp mot Kim Gustavsson,Fokus, men tapte 2-3 etter at han kom litt skeivt ut i starten av 5.sett.Hallvard gjekk lett vidare til kvartfinalen der han møtte Kristian Kvaale,Randesund.Hallvard fekk ikkje spele til å stemma, og låg under 6-10 i1. og 7-10 i 2. sett, men klarte rutinert å vinna begge, tapte så 3., men halte i land 4.sett med 12-10, usikkerheten fortsatte i semifinalen mot vinnaren Kristoffer Hellerud, og han var diverre sjanselaus i denne kampen. Allikavel ein fin 3.plass på Hallvard, 9.plassar på Torstein og Thomas I., og 17.plass på Asbjørn.
Sundag var det gutar 15 år, og her gjekk Hallvard,Torstein og Arsalan vidare frå puljespel. Arsalan som så vidt gjekk vidare på sett forskjell frå pulja møtte Victor Leversen,Randesund i 1.runde, og det blei ein jevn og tett kamp der Arsalan tapte 2-3 til slutt, men Arsalan viste veldig godt spel i 15 år,Torstein og Hallvard vant greit 3-0, i 2.runde møtte Torstein Achmed Chaer, og spelar veldig godt innimellom, sjølv om det blir 0-3 tap. Totalt sett veldig bra spel av Torstein i helga.Hallvard spelar seg greit fram til kvartfinalen der han igjen møter Kristoffer Hellerud. Denne gong er det ein heilt annan Hallvard, her spelar han svært godt, har 10-8 i 4.sett og bør ta det, men blir for passiv på dei siste ballane og det blir 1-3 tap. Hallvard viser denne helga at han blir ein av dei norsk bordtennis kan få mykje glede av i åra framover.
I gutar 11 år er det Henrik og Thomas I som deltar,Henrik er i ei hard pulje,og taper som forventa fo rdei to beste, men spelar ein jevn kamp mot Marwan Sindi,Norheimsund og er nære på å vinna, Thomas er også i ei hard pulje, han har ein hard kamp mot Kristoffer Hesthammer,Norheimsund, og drar uventa fram ein Stellanserve på 10-9 i 3.sett og vinn direkte settet på den, i 5.sett slepp han seg laus og vinner 11-1, han taper for Lars Rønneberg 0-3, men spelar bra innimellom. I sluttspelet møter han Benjamin Fossheim Molde i 1.runde og taper 0-3, blir litt for stilleståande, sjølv om det er bra spel innimellom. Fossheim går seinare heilt til topps. Også Thomas S.Øyvind og Jan Anders spelar bra sjølv om dei ikkje går vidare frå puljene i 13 og 15 år. I eit NM møter ein spelarar som kanskje trenar meir og betre og det er ikkje lett å koma seg vidare. Det einaste som nyttar er å trena betre, meir konsentrert og meir så kjem framgongen. Alle Stordspelarane får spela 13 år også neste år og då er sjansen langt betre til å hevda seg om ein er villig til å leggja ned trenings som trengs
Oppdatert : 15.03.2004

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002