2 klassesigrar til Per Arne og Thomas I. i dag

Stord BTK arrangerte regionsstevne i rackethallen i dag. Per Arne Pedersen vant både herrer C og herrer B, mens Thomas Irgens(bildet)vant både gutar 11 år og gutar 13 år. Roger Andersson vant som venta herrer elite, og Tommy Urhaug gjorde det samme i handicap. Hallvard spelte bra i elite, og vant alle kampane før han som venta tapte for Roger i semifinalen. Per Arne var i god form i dag, og overbeviste stort med godt spel, og han vant både herrer C og herrer B, blant anna etter å ha slått mange andre habile Stordspelarar. Thomas Irgens spelte også svært bra i dag og vant alle 14 kampane han spelte i gutar 11 år og gutar 13 år. I gutar 11 år var det forventa siger, men i gutar 13 år finalen var det ein fin 3-2 siger mot gode Steffen Skar frå Norheimsund. Asbjørn Isdal spelte også stort i dag og vant over gode spelarar som Steffen Skar og Mathias Dahl Ellingsen frå Norheimsund, samt Torstein Sylta,Bergen HIL , men måtte gje tapt i semifinalen i 13 år mot Thomas I. Thomas Stuve, Arsalan Portazedi og Jan Anders Sørheim leverte også mange gode kampar i dag og gjekk vidare frå innleiande puljespel. I nybyrjarklassen var det mange med frå Stord. Dei har hatt god framgong i det siste, og viste bra spel. I 11 årsklassen for nybyrjarar var det Simen Grov som var best etter finalesiger over Kjell Sverre Riise, medan Henrik Pedersen og Torbjørn Grov Bergen fulgde fint opp med 3.plassar. Sjå fullstendig resultatliste på resultatsida.
Oppdatert : 18.01.2004

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002