6 KM titlar til Stord, med Hallvard(bildet) som tidenes yngste seniorvinnar

6 gull, 4 sølv, 3 bronse og mykje godt spel av Stordspelarane i KM laurdag Den største prestasjonen stord nok Hallvar Fjell for då han som den yngste gjennom tidene (12år8mnd.) vant seniorklassen !! Sjølv om ikkje alle kretsens beste stilte opp, forringar ikkje dette prestasjonen til Hallvard, som forøvrig slo klubbkamerat Morten i finalen 3-1. Morten som har hatt fin framgong i haust tok sitt igjen i finalen i herrer B mot Atle som han vant ganske overbevisande 3-1, med 11-0!! i 4.sett. Atle vant som venta veteran, og saman med Hallvard blei det også ein klar siger i doubleklassen. Hallvard tok ein 2.plass i junior etter tap 1-3 for Johs. Bratlie,Fjell Av den yngre garde var det ellers mykje å gleda seg over: Torstein: vinner som vanlig 13 år, og spelar ein god kamp mot Kjell Erik Bakke, som han presser godt i kvarfinalen i 15 år. Enormt potensiale ! Thomas I.: spelar sitt beste stevne, vinner gutar 11 år greit, og slår gode spelarar som Øyvind og Helene Nesheim etter bra spel. Spelar veldig "rett" med fh minst 3/4 av bordet Thomas S.: Spelar mange gode kampar, med tildels bra spel, men taper ein del jevne kampar. Er god på bh, men må prøva å bli litt betre på fh, så løysnar det. Asbjørn: Spelar også mange gode kampar og er nær ved å gå vidare både i 13 og 15 år. Bevegar seg godt, treng litt, må bli litt mindre "snill" ved bordet Øyvind: Spelar bra, men treffer på ein Thomas I i knallform i dag, ville ellers gått greit til semifinale. I likhet med Thomas S så er han god på bh, men når han får litt meir sjølvtillit så sitter fh også. Arsalan: Fin framgong, vinner pulja i 13 år, og slår Arild Rosnes for fyrste gong(tapte 0-3 sist) Litt sikrare på 1.opning og han kjem til å få store framskritt Jan Anders: Er den som har spelt kortast tid i konkurransegruppa, men har hatt god framgong den siste tida. Får ein fin 3.plass i nybyrjar etter ein rysare mot navnebror Kristian Sørheim i semifinalen. Mykje bra spel, men det blir 9-11 tap i 5.sett. Jan Anders har sin styrke i at han vågar å slå til med både bh og fh. Med litt meir grunnsikkerhet så kjem også fleire sigrar Dei 4 nybyrjarane: Henrik,Torbjørn,Kjell Sverre og Morten tek me under eit: spelar mange gode kampar, og får verdifull erfaring, har spelt lite mot andre enn Stordspelarar, men me håpar dei fekk inspirasjon til vidare satsing. 3 av 4 går vidare i frå nybyrjarpuljene, og Torbjørn går heilt til finalen, bra i 1.stevnet ! Til slutt må me leggja til at sjølv om me trenar godt i Stord BTK, så trenar dei i andre klubbar også, så ein kan ha god framgong og allikavel ikkje alltid få det ut i resultater. Me spelte også 2 kampar i 3.div. mot Norheimsund 3, Stord 2 vant 7-3, medan Stord 3 vant 9-1. Det var mange fine og jevne kampar, og me takkar "Grovalarkane" på Norheimsund 3 som var sportslige og spelte kampane i Bergen og sparte oss for ein tur til Norheimsund neste laurdag. Me likar alltid å reisa til Norheimsund, men det har vore mange helgar etterkvarandre for oss i Stord no, og då er det godt med ei frihelg
Oppdatert : 12.07.2003

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002