Forsinka 30 års jubileum

Stord Bordtennisklubb nermar seg kraftig 30 år. Klubben vart stifta 10. januar 1974, men allerede 27. og 28. oktober var klubben med på eit nasjonalt stevne i Haugesund. Forhistorien var at Atle Irgens leste referat frå nokre individuelle seriar i Haugesunds Avis, der det sotd om dette stevnet som Haugesund BTK skulle arrangera i oktober. Me fekk tilladelse til å delta sjølv om klubben enda ikkje var offisielt stifta. Lars Åge Myhre,Jostein Kloster,Jarle Hatlevik,Frank Sandnes,Stig Sandnes og Atle Irgens meldte seg på, og det var 6 forventningsfulle ungdomar som drog til Haugesund, som i den tid var så langt vekke at det var umulig å reisa fram og tilbake, så dermed blei det overnatting på ein skule. Me ankom hallen, og Stig var fyrstemann inn i sjølve hallen. Etter å ha sondert terrenget litt, kom han springande ned i garderoben og sa me måtte skunda oss opp, for det var mange me kunne slå der oppe. Sjølv vant eg ingen kampar kan Atle fortelja, men eg tok sett mot Per Freddy Kristiansen, som var i norgestoppen i gutar 15 år, og fekk bl.a. bank av noverande kretsformann i Rogaland, Kjell Sollie med 12-21,8-21. Det som imponerte oss enormt var kontringsduellane til Ketil Nesse og Kjell Stordal frå Heros Når Atle(til høgre på bildet) deltok i sitt fyrste stevne i Haugesund, var det enda to år til Carsten blei fødd !!
Oppdatert : 11.11.2003

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002