Mykje flott spel i Kristiansand

Laurdag var det lagspel i 11 års klassen, og me stilte med heile 4 lag. Torstein og Thomas I. vant pulja si, og spesielt bra var det å slå Mickael Stark og Arne Marino Aarås frå B-72. Torstein og Thomas kom til slutt på 5. plass etter knepent 2-3 tap i kvartfinalen for Rupic/Su frå Jevnaker. Rupic/Su tapte seinare finalen for Stark/Aarås, så det var veldig jevnt blant dei beste. Thomas S. og Asbjørn var i samme innleiande pulje som Torstein og Thomas, og måtte då nøya seg med 3. plass i pulja. Begge spelte veldig bra, og vant seinare B-sluttspelet over Børke/Kjeilen frå Seljord/BMK 3-1 i finalen. Jan Anders og Arsalan kom også til B-sluttspelet der det blei knepent 2-3 tap i kvartfinalen. Det blei også B-sluttspel på Henrik,Lars og Jørgen. Begge disse laga spelte også mange gode kampar. I singleklassane som var sundag, var det Torstein som gjorde det best med ein sterk 3.plass i gutar 11 år etter ein uhyre jevn semifinale mot Sanjin Rupic,Jevnaker(9-11 i 5. sett). Thomas Irgens fekk ein fin 5. plass i gutar 10 år etter tap for Andreas Wold,Randesund(1-3) som tilslutt fekk 2. plass. Arsalan fekk ein 9. plass i gutar 11 år etter å ha slått ut Asbjørn(Abby) som då fekk 17. plass. Alt i alt mykje positivt spel frå alle Stordspelarane, og me håpar at alle fekk inspirasjon til å trena bra vidare. Stord BTK har den klart beste og største bredde i 11 års klassen i landet, i tilleg til gjengen som var i Kristiansand har me jo Hallvard og Øyvind i bakhånd
Oppdatert : 06.01.2003

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002