2 sigrar til Stord i lagturneringa sundag

Alt i alt blei det 8 klassesigrar på Stord i helga, og det var klart best av klubbane som var med. Roger vant som venta herrer open, og tok også double saman med Carsten Myhre i ein jevn finalesiger mot Thor Gunnar Bjelland/Atle Irgens. Carsten Myhre tok sin andre siger då han vant finalen i herrer C over Nils Arne Stuve. Dobbelsiger blei det også i herrer B der Tommy Urhaug vant som venta, med Thor Gunnar Bjelland på andre plass. Thor Gunnar har spesialisert seg på vestlandsmeisterskap i veteran, og tok sin andre siger på rad i denne klassen då han vant 3-1 over A.I. i finalen. Sjølv med Hallvar sjuk, så gjorde Stord det godt i dei yngre klassane. Øyvind Skaar gjekk denne gong heilt til tops, og vant kanskje litt overraskande 3-0 over Torstein Mæland Fjeldstad i finalen. Det er bra for klubben at spelarane slår kvarandre, det skapar ny motivasjon, og me reknar med at Øyvind er enda meir motivert til å trena etter helgas 2 klassesigrar. I gutar 10 år var Thomas Irgens best av våre med ein 2.plass etter 1-3 tap for den gode Fjell spelaren Steven Das Nevi. Her var det fleire andre gode Stordplasseringar, det samme var det i nybyrjar 11 år, der Jørgen Tesdal nådde lengst med ein 2.plass. Sundag var det lagklasse og alle fekk spelt minst 5 lagkampar. Det blei mange kampar på alle, og veldig god trening. I 13 år vant Øyvind Skaar og Torstein Mæland Fjeldstad ein jevn finale 3-2 mot Steven og Jeero Das Nevi frå Fjell. I den yngste lagklassen (11 år) var det mykje bra spel av dei yngre frå Stord. Her var det med 13 spelarar frå Stord, og det vart vist mykje fine ballvekslingar. Spelarane har hatt fin framgong i år, og det lovar godt for framtida. Heilt til topps gjekk Arsalan Portazedi/Jan Anders Sørheim. Hordalnd Bordtenniskrets delte ut stipend til ein del yngre spelarar, og Hallvar Fjell var ein av dei som fekk 1000 kroner i stipend. Stord tok også 3 samanlagtsigrar i regionscupen: Roger Andersson(herrer open),Torstein Mæland Fjeldstad(gutar 11 år) og Atle Irgens(veteran) fekk alle eit gavekort på 300 kroner
Oppdatert : 31.03.2003

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002