Stord fekk nytt bronselag i helga under veteran NM på Lørenskog

I 1.runde hadde Stord w.o. Neste motstandar var Sarpsborg 3, ein kamp Stord hadde full kontroll på og vant tilslutt 5-2(Atle 3,Jarle 1, Thor Gunnar 1) I kvartfinalen var motstandar Laksevåg klare favorittar, men det var eit heiltent Stordlag som entra arenaen: 1. kamp Thor Gunnar-Harald Nilsen Thor Gunnar møter sitt store forbilde frå ungdomen som han aldri har slått, men spelar rett og klokt og vinner ein jevn kamp 3-1 1-0 til Stord 2.Jarle-Anders Hovden som venta ingen sjanse for Jarle mot elitespelar Anders 0-3 tap og 1-1 3.Atle-Kåre Mikkelsen, Atle får uventa hard motstand og ligger under med 7-9 i 5. sett, men drar det heile i land med Stellan med vridning og 12-10 2-1 til Stord 4.Thor Gunnar-Anders Hovden, Thor Gunnar sparer på kreftene og taper 0-3 2-2 i lagkampen 5.Atle-Harald Nilsen, Atle har full kontroll på Haralden og vinner 3-1 3-2 til Stord 6.Jarle-Kåre Mikkelsen, Jarle har aldri vore i nærheten av å slå Kåren før, men har kåno på tribunen og da ser ut til å skjerpa han. Jarle spelar ein kjempekamp og drar i land fleire lange duellar til Kåren sin store fortvilelse og vinner tilslutt 3-1, 4-2 til Stord 7.Atle-Anders Hovden, Atle spelar bra og vinner 1.sett og har settball i andre, men Anders blir for sterk til slutt og det blir 1-3 tap 4-3 til Laksevåg 8.Thor Gunnar-Kåre Mikkelsen, ein skikkelig humørkamp der kommentarane sitter laust på begge sider. Thor Gunnar pleier å ha bra tak på Kåren, men Kåren spelar bra i dag og har matchball i 4.sett som Thor Gunnar reddar etter ein lang ballveksling. I 5.sett har Thor Gunnar full kontroll og vinner 11-6, og dermed har Stord vunne 5-3 og er klar for semifinale mot Modum. Modum med Roar Blikken,Rune W. Johansen og Eirik Johannessen blir altfor sterke, og det blir 2-5 tap. Stordspelarane var godt fornøgd med bronsemedaljane, og sjølv om dette var ein skikkelig lagsiger må me spesielt framheva "den gamle" (Jarle Hatlevik) som spelar sin beste kamp(mot Kåre Mikkelsen)på mange mange år Sundag var det single og double. Atle og Thor Gunnar får 9.pl. i double etter 0-3 for det sterke B-72 paret Jon Olav Haugen/Eivind Onsum. I single ryker Thor Gunnar ut i pulja i 35 årsklassen med knappast mulig margin. Han sleit forøvrig med ein overivrig domar som skulle markera seg ved å ta server på alle veteranspelarane han dømte i hallen. Jarle går vidare frå pulja, men taper 1.runde for Jan Berner,B-72 Atle vinner pulja, men taper ein jevn kamp i kvartfinalen mot Svein Folkeson (2-3) og får dermed 5. plass. Ellers blei Atle Irgens kåra til Årets Veteranspelar i Norge for 2003, og i kriteriane heitte det bl.a.: for å ha fremja og representert veteranbordtennis på ein fin måte i mange år, og for å ha fått medalje i alle veteran NM han har delteke i(1991-2003, altså i 13 NM på rad)
Oppdatert : 17.03.2003

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002