Fin bordtennisdag på Stord

Sommarøyo var i dag veldig våt, med striregn heile dagen, men stevnet gjekk greit arrangementsmessig og utan data. Blant våre var det Tommy Urhaug sitt fine spel i herrer B som varma mest. Han tok 2.plass etter ein meget god finalekamp mot Lill Kristin Wennberg,Heros der han tapte 2-3. Hallvar Fjell spelte også bra i dag, og tok seg bl.a. til 3.runde i herrer B, og var nær ved å ta eit sett mot Lill Kristin Wennberg. Ellers spelte Stord 2 lagkamp i 3.divisjon mot Bergen HIL 2, og det blei ein spanande kamp som enda 5-5. Carsten Myhre,Arild Vatland,Hans Arne Aasheim,Kristian Størkson og Anders Myhre Vaage spelte på laget. Sjå oppdatert resultatliste i linken til venstre
Oppdatert : 26.01.2003

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002