3 KM titlar til Stord BTK i helga

Torstein var nok litt misfornøgd med spelet sitt i gutar 13 år, men kom sterkt tilbake og viste godt spel i gutar 11 år der han vant. Øyvind Skaar og Thomas Irgens fulgde fint opp med 2. og 3. plass. I tillegg var også Asbjørn Isdal og Thomas Stuve nære ved å gå vidare frå innleiande puljespel, så Stord har ein god gjeng i 11 årsklassen. Spesielt med tanke på at me også har Hallvard Fjell i bakhånd i denne klassen. Hallvard kom seg greit til semifinalen i gutar 13 år, men var ikkje heilt i toppslag og måtte tåla eit greit 0-3 tap for Johannes Bratlie,Fjell. I gutar 13 år overraska Asbjørn med godt spel og gjekk vidare frå puljespelet og fekk dermed ein fin 5. plass. Tommy Urhaug viste sterk form då han vant herrer B og tok 2.plass i herrer elite. Tommy vant greit i finalen mot Øystein Bakke, men tapte i innleiande pulje for Bakke. I semifinalen var Atle sjanselaus mot Tommy. Eg har sjeldan følt meg så hjelpalaus som denne gongen mot Tommy uttalte Atle etter kampen. Tommy er tydeleg i svært god form for tida. Ellers overraska Nils Arne Stuve stort i herrer B ved å ta seg heilt til semifinalen, etter bl.a. sterk siger over Lars Åge Berge,Heros. All treninga i det siste byrjar no å gje resultat for Stuaen. Anders Myhre Vaage og Kristian Størkson spelte også bra i helga, men mangla det vesle som skal til or at dei tar seg vidare frå puljene. Litt meir kamptrening og litt meir trøkk i spelet, så kjem nok resultata etter kvart.
Oppdatert : 12.02.2002

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002