Ny dag med fin PR for bordtennis

På Rommetveit skule går 5 av våre rekruttar: Hallvard Fjell,Torstein Mæland Fjeldstad,Asbjørn Isdal,Thomas Stuve og Øyvind Skaar. I dag fekk dei visa sine bordtenniskunnskaper foran 100 av dei andre elevane. Atle heldt seg denne gong i bakgrunnen av frykt for meir autografskriving, og kunne høyra at dei andre elevane var mektig imponert over det dei fekk sjå. Dei blir nok populære på skulen etter dette. Etter ein del speling var det klart for oppvisningskamp mellom Tommy og Hallvard, og her fekk me sjå imponerande bra spel til god applaus. Etterpå fekk alle (nesten) prøva to ballvekslingar mot Tommy. Når sistemann hadde slått ut ballen, blei Tommy nermast overfalt av 100 ungar som skulle ha autograf. Me i Stord Bordtennisklubb er kjempefornøgd med den reklamen Tommy og dei andre yngre har vore med og gitt Stord Bordtennisklubb og bordtennis generelt. Me håpar at det skal gje utslag i fleire nye rekruttar
Oppdatert : 15.11.2002

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002