Stord suksess på kulturvelden

Innslaga var mange i kinosalen i kveld, bl.a. vart det delt ut kommunale stipend, kulturpris til den gamle turnkjempen Lars Mugås,litt biletvisning og diverse musikalske innslag. Tommy spelte oppvisning med Hallvard, og det blei ein stor suksess. Det var ein smånervøs Hallvard som sat i salen og venta saman med 3-400 meir eller mindre prominente gjester. Men så snart bordet var satt opp og spelinga kom i gong, var nervøsiteten vekke. Det blei spela litt fh og bh, og det vart avslutta med 2 sett. Det var trampeklapp fleire gongar, og blant gjestene var det berre godord å høyra etterpå. Sjølv ein garva bordtennisfyr som Atle blei imponert over det han fekk sjå i kveld. Fredag blir det nok eit skulebesøk, på Rommetveit skule der Tommy,Atle,Hallvard,Torstein,Thomas og Asbjørn skal spela litt oppvisning.
Oppdatert : 15.11.2002

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002