Ungdoms EM og stevne på Øland

Thomas Låte(bilde frå 2011) deltok på det norske gutelandslaget under EM i Zagreb og Roger Andersson har som vanleg vore på Øland i sommar.
På Øland gjekk Roger til topps i veteran 40 år, samt familiedobbel saman med Jan Roger. I eliteklassen blei da 3. plass etter tap for Morten Rasmussen Hyrup, Enig


Thomas spelte på det norske gutelandslaget i EM, i lag med Borgar Haug og Alexander Fransson, begge Fokus. Første del var lag, i innleiande pulje spelte ikkje Thomas mot Montenegro 3-0 og Danmark 0-3, i sigeren mot Kosovo vant Thomas sin kamp enkelt 3-0. I neste pulje tapte Thomas begge sine kampar i 2-3 tapet for England, eine kampen knepent 9-11 i 5. sett. Spelte ikkje i 1-3 tap for Austerrike. I plassering 25-28 tapte Thomas sin kamp mot Kviterussland(1-3), samt to kampar mot Nederland(2-3) Dermed enda Norge på 26 plass av 40 lag, litt svakare enn forventa. Både i dobbel med Alexander Fransson og mix med Lisa Lange blei dei ein siger før det blei tap. I single fekk Thomas tøff motstand i 1. runde og tapte 0-4 for Patrik Jhausz frå Ungarn. I consolation blei det to sigrar før det blei tap i 3. runde. Alt i alt eit EM som nokolunde forventa, bra spel innimellom, samtidig som det blir for mange enkle bom.
Dette blei siste stevne for Stord BTK både for Roger og Thomas, begge har meldt overgang til Hardanger BTK, det samme har Jan Roger gjort tidligare i sommar. Steffen flyttar til Oslo og har meld seg inn i Fokus. Me takkar spelarane for mange fine resultat for Stord BTK og ønskjer dei lykke til i sine nye klubbar
Oppdatert : 08.08.2016

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002