Årsmøte avvikla, gjenvalg på heile styret

Mandag 4. juli var det årsmøte i Stord BTK, det blei gjenvalg på heile styret:

Leiar: Atle Irgens
Nestleiar: Thor Gunnar Bjelland(valgt for 2 år)
Styremedlem: Ove Sandnes (valgt for 2 år)
Styremedlem: Thomas Irgens
Styremedlem: Nils Arne Stuve
Varamedlem: Svenn-Endrè Hannevig

Revisor: Carsten Myhre



Årsmelding Stord Bordtennisklubb 2015/2016


Me har arrangert følgjande stevner denne sesongen:

Stord Cup, KM/VM for veteranar.

Sportsleg:

I serien vant Stord 3.divisjon, Stord 2 vart nr 4 i samme 3. divisjon. Me har valgt å nedprioritera seriespel, i håp om at reglande for maks. antall utlendingar kan bli endra. Me stilte difor i utgongspunktet med to jamne lag i årets 3. divisjon. På vinnarlaget spelte: Roger Andersson, Jan Roger Andersson, Atle Irgens, Dag Hinrichsen og Kjell Stordal

Internasjonalt stod Tommy Urhaug for nok ein fantastisk prestasjon då han tok gull i EM for funksjonshemma i Danmark. Tommy har i tillegg vunne eit par andre internasjonale stevner. Jan Roger Andersson imponerte då han tok ein flott bronsemedalje i juniorklassen i EM før døve. Steffen Salomonsen her delteke på fleire internasjonale turneringar på landslaget for funksjonshemma, fleire gode prestasjonar med siger i eldre jr. ståande i Malmø open som den beste. Steffen fekk også sin debut i meisterskapssamanheng under EM i Danmark. Thomas Låte har delteke på fleire turneringar for det norske gutelandslaget, og tok to flotte sølvmedaljar under Nord Europeisk meisterskap i Estland, i gutar single og gutar lag saman med Alexander Fransson frå Fokus. I Nord Eurpeisk meisterskap for veteranar i Bergen tok Roger Andersson to flotte gull, i 40 år single og 40 år dobbel saman med Christian Ibenfeldt frå Laksevåg, samt sølv i mix dobbel saman med Merje Aas frå Estland. Atle Irgens tok 5. plass i 60 år dobbel saman med Kevin Aal frå Husøy.

I dei ulike NM gjorde gjekk det slik denne sesongen:

NM senior i Molde

Gull i herrar single: Geir Erlandsen
Gull i herrar dobbel: Geir Erlandsen/Roger Andersson
Gull i herrar lag: Geir Erlandsen, Roger Andersson, Steffen Salomonsen, Jan Roger
Andersson, Atle Irgens
Gull i mix dobbel: Geir Erlandsen/Nora Bagner Nilsen, B-72
Sølv i mix dobbel: Roger Andersson/Sarah Horgen, B-72
Sølv funksjonshemma stå dobbel: Steffen Salomonsen/Pablo Jacobsen, Fornebu
Bronse i funksjonshemma stå: Steffen Salomonsen

NM yngre i Oppegård

Sølv i gutar lag: Thomas Låte, Jan Roger Andersson, Bård Skogen
Sølv i gutar dobbel: Thomas Låte/Jan Roger Andersson
Bronse i mix dobbel: Thomas Låte/Lisa Lange, Harestua





NM veteranar i Sarpsborg

Gull i veteran 40 år: Roger Andersson
Gull i veteran 35 år dobbel: Roger Andersson/Victor Horgen, B-72
Gull i veteran 60 år dobbel: Atle Irgens/Kevin Aal, Husøy
Gull i veteran 35 år mix: Roger Andersson/Camilla Henriksen, Fokus
Bronse i veteran 60 år: Atle Irgens
5. plass i lag 35 år: Roger Andersson, Atle Irgens, Dag Hinrichsen

Topp 8

Gutar 15 år: 2 Thomas Låte
Funksjonshemma stå: 3 Steffen Salomonsen

Oppsummering

Det positive er at me har hatt tre yngre som fortsatt trenar bra, me har Tommy Urhaug som satsar for fullt mot OL i Rio seinare i år. Me har Geir Erlandsen og Roger Andersson som er heilt i norgestoppen i senior. Me hevdar oss bra i NM samanheng, og me har markert oss veldig bra internasjonalt med gode resultat.
På rekruttering kan me bli betre, det står mykje på motivasjon grunna tvisten med kommunen.
Erik Berge Saue har vore trenar for nybyrjarane fram til han flytta til Bergen i april, då overtok Amanuel Odicho. Me har fått fleire aktive som trenar stabilt på dei to faste treningane.
Me har brukbar kontroll på økonomien og har ein del pengar i reserve.

Det negative, blir ein reprise av fjorårets årmsmelding, kampen for å behalda treningshallen vår. Me har hatt fleire 10-tals møter i løpet av dei siste åra ang rackethallen og bordtennishallen, som på mange måtar heng saman. I lag med Stord Tennisklubb og Stord Badmintonklubb har me kjempa ein kamp ang rackethallen. Dei to nevnte klubbane er kasta ut av rackethallen som me bygde i lag tidlig 90 tal. Me har vore på nåde i bordtennishallen fram til 2016.
Det mest tragiske er at det er Stord kommune med ordføraren i spissen og leiinga i Stord Idrettspark som me har kjempa i mot. No er stiftelsen Stord Idrettspark nedlagt, så no er det kun Stord kommune som står i vegen for dei tre klubbane. Alt dette arbeidet der me har stanga med hovudet i veggen i 5 år, har ført til at me ikkje har hatt overskot og motivasjon og driva rekrutteringsarbeid. I 2011hadde me 335 medlemer, me er no nede i under 50 medlemer. Ein skulle jo tru at Stord Kommune satte pris på arbeidet me har gjort for born og unge i mange år i Stord kommune, men så er ikkje tilfelle. Stord kommune kan ordna opp i denne saken, men har ikkje vist vilje, og er dei direkte ansvarleg for at me har mista mange medlemer. Kommunen viser heller ingen forståelse for all dugnad og investering me har gjort i forbindelse med å få i stand bordtennishallen.

Saken tok ein meir alvorleg vending i fjor, då det enda opp med rettssak som blei behandla i tingretten i januar. For så vidt eit interessant møte med rettsapparatet som viste seg å vera inkompetente i behandling av saken. Domaren greidde ikkje å kom til noko kjennelse før sterkt press frå begge advokatar om ny rettsak. Når kjennelsen kom var det tydelig at domaren var mest interessant å koma med eit slags forlik. Saken er anka til lagmannsretten, og dersom ikkje rettsmekling eller anna mekling med kommunen fører fram kjem den opp ein gong seint i 2017.

Styret

Styret sesongen 2014/2015 har bestått av:


Leiar: Atle Irgens
Nestleiar: Thor Gunnar Bjelland
Styremedlem: Thomas Irgens
Styremedlem: Ove Sandnes
Styremedlem: Nils Arne Stuve

Varamedlem: Svenn-Endrè Hannevig




Stord 3/7-2016


Atle Irgens - leiar


Oppdatert : 05.07.2016

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002