To sølv til Thomas i Nord Europeisk meisterskap

Thomas Låte gjorde en kjempeinnsats i Nord Europeisk meisterskap i Haapsalu, Estland 24-26. juni då han kapra 2 sølvmedaljar. Her på pallen i single, med vinnar Borgar Haug, og bronsevinnar Robert Klingspor Mattsson. Me takker Sindre Åteigen for foto. Det starta med gutar lag, der Thomas spelte på lag med Alexander Fransson frå Fokus. I pulja vant dei 3-0 både mot Estland 2. lag og Latvia. Så blei Norge 2. lag slått med 3-0 i kvartfinalen, og deretter Danmark 3-0 i semifinalen. I finalen blei Sverige for sterke og det blei 0-3 tap.
I single var det direkte cup. Thomas vant først 3-0 mot Madis Moos, Estland, så 3-0 mot Emil Lynge Sørensen, Danmark. I kvartfinalen blei det ein hard kamp mot Fokus sin Erik Eng. Thomas vant tilslutt 3-2 og 12-10 i 5. sett. Sundag var det klart for semifinale mot Sigurd Sørheim frå Volda og Ørsta, Thomas levert kanskje sin beste kamp her når han vant 3-1 mot ein spelar han har slete med i det siste. I finalen mot Borgar Haug frå Fokus virka Thomas litt nevøs og gav vekk to sett før han kom i gong. Dei to neste sett blei jamne og tilslutt blei det 1-3 tap. Men to sølvmedaljar i Nord Europeisk meisterskap er meir enn godkjent
Oppdatert : 30.06.2016

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002