Oppsummering våren 2016

Oppsummering våren 2016

Me har vore litt sløve å oppdatera heimasida, her kjem litt oppdateing frå våren 2016, så skal me bli flinkare til å legga ut framover.

Her er laget som tok sølv i NM for yngre 27-28. februar var Thomas Låte på det norske gutelandslaget og spelte Safir Open. Thomas spelte bra og vant 3 og tapte 4 kampar, samt pressa ein god spelar frå Japan til 5 sett.

5. mars var siste samlerunde i 3. divisjon. Det var på førehand kamp mellom Stord og Stord 2 om sigeren, men Stord 2 fekk nokre forfall og dermed blei det eit greit seriemeisterskap til Stord 1. På laget i år har disse spelt: Roger Andersson, Jan Roger Andersson, Atle Irgens, Kjell Stordal, Dag Hinrichsen

11-13. mars var det NM for yngre i Oppegård. Thomas Låte, Jan Roger Andersson og Bård Skogen var våre spelarar med Atle Irgens som lagleiar. Me gjorde ein veldig god innsats, tok sølv i lag, etter å ha vunne 3-0 mot B 72 3. lag, 3-1 mot Fokus 2, 3-0 mot Sarpsborg i kvartfinalen, 3-1 mot Heros i semifinalen. I finalen blei det 0-3 tap for Fokus.
Thomas/Jan Roger tok også ein flott sølvmedalje i dobbel, i mix dobbel blei det bronse til Thomas som spelte saman med Lisa Lange frå Harestua. I single gjekk det ikkje lika bra og ingen av våre nådde opp.

18-20. mars var det senior NM i Molde. Me er tilbake på topp i herrar lag etter ein bronse i fjor, 3-1 mot B 72 2 lag i kvartfinalen, 3-1 mot Eiker i semifinalen og 3-2 mot Fokus i finalen. På laget spelte Geir Erlandsen, Roger Andersson, Jan Roger Andersson, Steffen Salomonsen, Atle Irgens. Geir blei NM sin store spelar då han vant 4 gull. Dobbel blei vunnen saman med Roger Andersson, mix dobbel saman med Nora Bagner Nilsen, B-72 og single etter finalesiger mot Marcus Wærstad. Imponerande. Roger tok ein flott sølvmedalje i mix saman med Sarah Horgen, B-72 og bronse i single, der han fekk ein skade og ikkje greidde å spela opp mot maks, men uansett eit flott NM også av Roger. Ellers tok Steffen sølv i funksjonshemma ståande dobbel saman med Pablo Jacobsen, Fornebu og bronse i single ståande.

8-10. april Nord Europeisk meisterskap veteranar i Bergen. Roger Andersson, Atle Irgens og Dag Hinrichsen deltok. Roger vant gull i single etter siger over ein god landslagsspelar frå Latvia. Roger vant også dobbel saman med Christian Ibenfeldt, Laksevåg etter finalesiger mot broder Niklas Andersson og Lennart Frøderberg. Roger tok også sølv i mix saman med Merje Aas frå Estland, og alt i alt eit veldig bra meisterskap av Roger. Atle tok 5 plass i dobbel 60 år saman med Kevin Aal, Husøy og 9. plass i single 60 år, og nådde opp mot maks resultat.

23-24. mars Topp 8 i Høyenhall Oslo. Thomas Låte tok ein flott 2 plass i gutar 15 år og Steffen Salomonsen ein flott 3. plass i funksjonshemma ståande i dette harde selskapet

29. april- 1. mai NM for veteranar i Sarpsborg. Våre ivrigaste veteranar Roger Andersson, Atle Irgens og Dag Hinrichsen tok igjen turen. Det starta med 35 år lag som ikkje gjekk så bra, tap 2-3 for Fornebu, våre to eldste begynner å bli litt fort gamle for denne unge klassen..Utanom lag gjorde me ein veldig god innstats i NM. Roger vant single 40 år etter 3-1 i finalen mot Anders Hovden, Laksevåg, dobbel 35 år saman med Victor Horgen, B-72, mix dobbel 35 år saman med Camilla Henriksen, Fokus. Atle vant gull i veteran dobbel 60 år saman med Kevin Aal, Husøy og bronse i single 60 år. Dag spelte også bra og gjekk vidare i single 50 år i ei hard pulje, vant over to gode spelarar, så alt i alt eit veldig bra NM.

7. mai Regionsmeisterskap i Bergen, me stilte med 4 spelarar som tok 1. og 2. plass i herrar dobbel. Roger Andersson/Jan Roger Andersson vant finalen over Atle Irgens/Kjell Stordal. Roger vant herrar elite etter finalesiger mot Jan Roger. Atle tok 3. plass i herrar B

Ellers har me bestemt oss frå å takka nei til seriespel i 2. divisjon, og me spelar då i 3. divisjon også neste sesong.

Oppdatert : 13.05.2016

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002