Nytt sidan sist

Her kjem ein liten oppsummering av kva som har skjedd sidan sist. På bildet Stord 1 i Stavanger, frå venstre Roger Andersson, Atle Irgens, Dag Hinrichsen, lagleiar Nils Arne Stuve, Jan Roger Andersson

Seriespel:
Me har to lag i 3.divisjon denne sesongen, og me har valgt å dela laga nokolunde jamnt. Første serierunde var i Stavanger i månadsskifte oktober/november. Stord sitt førstelag med Roger Andersson, Atle Irgens, Jan Roger Andersson og Dag Hinrichsen tok 7 av 8 poeng, etter uavgjort mot eit Hardanger som hadde forsterka laget med to svenske spealarar. Stord 2 med Thomas Irgens, Georg Selsvold, Steffen Salomonsen og Morten Kleven måtte nøya seg med 3 poeng, i dei to siste kampane med tre spelarar sidan Morten blei sjuk og reiste heim. Sist helg, 21 og 22. november var det ny serierunde i Bergen. Stord 1 tok på ny 7 av 8 poeng etter uavgjort mot Laksevåg 2. Stord 2 var klart betre denne helga og vant enkelt alle 4 kampane. Stord 2 var no forsterka med Thomas Låte som gjekk inn for Morten Kleven.
Internasjonalt:
Thomas Låte var med det norske gutelandslaget i Slovakia i slutten av oktober, og gjorde ein bra innsats då han vant fleire kampar, og gjekk til sluttspelet i lag saman med ein spelar frå Irland.
Tommy Urhaug har vore i Brasil og sjekka forholda til neste års Paralympics, han nytta samtidig anledningen til å delta i Buenos Airis Copa Tango, der han vant enkelt klasse 5 utan sett tap, samt lag klasse 4-5 saman med Elias Isaac Esteban Romero frå Argentina.

Skjoldar Cup gjekk av stabelen 7. november og me fekk disse plasseringane:
Herrar elite: 1. Roger Andersson 3. Atle Irgens
Veteran: 1. Roger Andersson 2. Atle Irgens 3. Dag Hinrichsen
Herrar C: 1. Jan Roger Andersson

14.-15. november var Thomas Låte og Steffen Salomonsen med på NC i Notodden og fekk disse plasseringane:
Gutar 14 år: 1. Thomas Låte
Funksjonshemma open: 3. Steffen Salomonsen
Gutar 15 år: 5. Thomas Låte
Herrar A: 5. Thomas Låte

Steffen fekk ein fin siger mot Ole Jørgen Pedersen, Notodden som er ranka 400 poeng høgare, og Thomas Låte fekk ein fin siger mot Borgar Haug, Fokus med ein grei 3-0 siger. Og litt forsinka må me gratulera Jan Roger Andersson med ein fantastisk bronse i juniorklassen i EM for døve i september
Oppdatert : 26.11.2015

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017
Årsmøte mandag 19. mars kl.20.00

www.stordbtk.no © 2002