Årsmelding Stord Bordtennisklubb

Årsmelding Stord Bordtennisklubb 2014/2015


Me har arrangert følgjande stevner denne sesongen:

Stord Cup, KM/VM for veteranar, vestlandsmeisterskap og juni cup.

Sportsleg:

I serien blei Stord nr 5 i 1.divisjon. Stord 2 vant 4. divisjon med klar margin. Me har valgt å ha to lag i 3. divisjon for sesongen 2015/2016 i håp om at reglande for maks. antall utlendingar kan bli endra.

Internasjonalt stod Tommy Urhaug for nok ein fantastisk prestasjon då han tok bronse i VM i Bejiing. Tommy har i tillegg vunne Slovenia open og to klassar i Slovakia open. Steffen Salomonsen her delteke på fleire internasjonale turneringar på landslaget for funksjonshemma, gode prestasjonar med siger i nivåklasse 1 i Stockholm Paragames, samt siger i eldre jr. ståande i Malmø open. Thomas Låte har delteke på fleire turneringar for det norske gutelandslaget, og fekk blant anna ein fin 3. plass i lag i Prague open

I dei ulike NM gjorde gjekk det slik denne sesongen:

NM junior i Grimstad

Gull i eldre jr, funk ståande til Steffen Salomonsen
Sølv i herrar junior single til Georg Selsvold

NM senior i Hokksund

Gull i herrar single: Geir Erlandsen
Gull i funksjonshemma open: Tommy Urhaug
Sølv i herrar single: Roger Andersson
Sølv i herrar dobbel: Roger Andersson/Geir Erlandsen
Sølv i mix dobbel: Geir Erlandsen/Maja H.Gjelle, B-72
Sølv funksjonshemma stå dobbel: Steffen Salomonsen/Pablo Jacobsen, Fornebu
Bronse i lag: (Geir Erlandsen, Roger Andersson, Tommy Urhaug, Thomas Irgens, Georg Selsvold)
Bronse i funksjonshemma stå: Steffen Salomonsen
Bronse i funksjonshemma open: Steffen Salomonsen
Sølv i herrar B:Tommy Urhaug
Bronse i herrar B dobbel: Thomas Irgens/Atle Irgens


NM yngre i Bergen

Ingen medaljar i år, men 5. plassar i disse klassane:
Gutar 15 år: Thomas Låte
Gutar 13 år: Thomas Låte
Gutar lag: Thomas Låte, Jan Roger Andersson, Andreas Håvardsen

NM veteranar i Oslo

Gull i veteran 40 år: Roger Andersson
Gull i veteran 35 år dobbel: Roger Andersson/Atle Irgens
Gull i veteran funksjonshemma: Tommy Urhaug
Sølv i veteran 35 år mix: Roger Andersson/Camilla Henriksen, Fokus
Sølv i veteran funksjonshemma: Nils Arne Stuve
Bronse i veteran 35 år: Tommy Urhaug

Topp 8

Herrar senior: 3 Roger Andersson
Herrar junior: 3 Georg Selsvold
Gutar 13 år: 3 Thomas Låte
Gutar 15 år: 8 Jan Roger Andersson

Organsisasjon:

Atle Irgens har vore leiar for Region Vest 2013-205, men takka nei til gjenvalg på årets regionsting. Me hadde 4 representantar på Norges Bordtennisforbund sitt ting i mai, og me var med i eit samarbeid blant toppklubbar, som fekk skifta ut det sitjande styret med eit nytt styre, forhåpentlig til det beste for norsk bordtennis.


Oppsummering

Det positive er at me har tre yngre som trenar bra, me har Tommy Urhaug som satsar for fullt mot OL i Rio neste år. Me har Geir Erlandsen og Roger Andersson som er heilt i norgestoppen i senior. Geir skreiv under ny 3 års kontrakt under senior NM i år, og vil då spela for Stord minst til 2018. Me hevdar oss bra i NM samanheng, og me markerer oss internasjonalt. Me arrangerer årleg ein populær treningsleir i Norheimsund i lag med Hardanger BTK og Bergen HIL. Me har brukbar kontroll på økonomien og har ein del pengar i reserve.
Det negative er at me fortsatt har liten rekruttering, me har likevel fått ei stabil gruppe på rundt 10 spelarar. Me har få og ingen som vil vera trenarar, få engasjerte leiarar.
Det mest negative, er som i fjor, kampen for å behalda treningshallen vår. Me har hatt fleire 10-tals møter i løpet av dei siste åra ang rackethallen og bordtennishallen, som på mange måtar heng saman. I lag med Stord Tennisklubb og Stord Badmintonklubb har me kjempa ein kamp ang rackethallen. Dei to nevnte klubbane er kasta ut av rackethallen som me bygde i lag tidlig 90 tal. Me er på nåde i bordtennishallen fram til 2016.
Det mest tragiske er at det er Stord Kommune med ordføraren i spissen og leiinga i Stord Idrettspark som me kjempar i mot. Alt dette arbeidet der me har stanga med hovudet i veggen i 4 år, har ført til at me ikkje har hatt overskot og motivasjon og driva rekrutteringsarbeid. I 2011hade me 335 medlemer, me er no nede i under 50 medlemer. Ein skulle jo tru at Stord Kommune satte pris på arbeidet me har gjort for born og unge i mange år i Stord Kommune, men så er ikkje tilfelle. Stord Kommune kan ordna opp i denne saken, men har ikkje vist vilje, og er dei direkte ansvarleg for at me mista mange medlemer.

Saken har teke ein meir alvorleg vending i vår, då me har kontakta advokat. Eit skriv på 35 sider frå vår advokat, vart sendt Stord Komunne i slutten av juni. Skrivet har særs gode argumenter for vårt syn, og me ber om at våre rettighetar i henhold til avtale frå 1996 vert oppretthaldt, i motsatt fall blir det sannsynelg rettsak.

Styret

Styret sesongen 2014/2015 har bestått av:


Leiar: Atle Irgens
Nestleiar: Tony Låte
Styremedlem: Borghild Iversen
Styremedlem: Ove Sandnes
Styremedlem: Thor Gunnar Bjelland

Varamedlem: Nils Arne Stuve
Varamedlem: Svenn-Endrè Hannevig

Det har ikkje vore avholdt styremøte i løpet av sesongen, men det har vore samtalar/mailkorrespodanse ang. arrangement av stevner og ulike ting. Målet bør likevel å avhalda 2 styremøter i løpet av sesongen



Stord 1/7-2015


Atle Irgens - leiar


Oppdatert : 09.09.2015

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017
Årsmøte mandag 19. mars kl.20.00

www.stordbtk.no © 2002