Flott innsats av Thomas Låte i NC

Thomas Låte var vår einaste deltakar unde norgescupstevne på Lørenskog i helga. Først spelte han seg fram til finalen i gutar 14 år etter å ha slått Erik Eng 3-2, Borgar Haug 3-0, Jakob Kvanvig 3-2 før det blei 1-3 tap for Aexander Fransson. I juniorklassen laurdag leverte Thomas sine beste kampar, og stod for ein stor prestasjon når han tok 2. plassen. Etter 1-3 tap for Jakob Kvanvig i pulja slo han Sondre Berner 3-0, Aleksander Fransson 3-1, Jon-Martin Soo Hansen 3-2 med 13-11 i 5 sett. I semifinalen blei Ilka Doval slått med 3-2 og 11-9 i 5. sett. I finalen pressa han Adrian Wetzel til 5 sett, og sjølv om det blei klart tap i 5. sett var også dette ein bra kamp.

Sundag var det gutar 13 år, her sleit Thomas litt i 2. runde, men spelte seg fram til semifinalen. Her blei det tap 2-3 og 10-12 i 5. sett for vinnaren Aleksander Fransson. I gutar 15 år blei Thomas nr 2 i pulja, vant så 3-0 mot Sarah Horgen, 3-2 mot Even Horvli før det blei 0-3 tap for vinnaren Mats Hoel i kvartfinalen.
Alt i alt ei veldig god helg for Thomas
Oppdatert : 19.10.2014

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002