Tommy Urhaug klar for semifinale i VM

Det har vore ein litt kronglete veg for Tommy i VM, men no er han på medaljesporet.
Det blei spelar innleiande pulje i går, mandag, der Tommy først vant 3-0 mot Kim frå Korea, men så tapte han overraskande 0-3 for Lin frå Taiwan. Tommy gjekk likevel vidare, men fekk ein langt hardare trekking.
I dag vant Tommy 3-1 mot Nicolas Savant frå Frankrike og var klar for å møta Cao Ningning frå Kina, samme spelar som han slo i OL finalen for to år sidan. På heimabane i Beijing var nok Ningning sugen på revansje.
Det blei ein svært jamn og spanande kamp der det kinesiske heimapublikumet nok ein gong måtte sjå at Tommy Urhaug slo deiras store favoritt.
11-9,8-11,9-11,11-8 og 11-9 i 5. og avgjerande sett.
Tommy spelar no semifinale mot Valentin Baus frå Tyskland i morgon onsdag 05.30 norsk tid. Ein eventuell finale er 08.30 norsk tid

Oppdatert : 09.09.2014

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017
Årsmøte mandag 19. mars kl.20.00

www.stordbtk.no © 2002