To sigrar under NC i Bergen

I helga vart det tredje og siste norgescupstevne i bordtennis arrangert av Laksevåg BTK i Bergen. Stord BTK hadde med 8 spelarar og vant to klassar, samt fleire andre gode plasseringar. Thomas Låte og Steffen Salomonsen var Stord BTK sine beste spelarar denne helga.
Steffen Salomonsen vant funksjonshemma ståande klasse med 3-1 siger i finalen over Stig Mortensen, Laksevåg. Jan Roger Andersson kom på 3. plass etter tap i semifinalen for Mortensen. Thomas Låte gjekk heilt til topps i gutar 13 år etter 3-1 siger i finalen over Finn Vetvik, Lia. I herrer junior tok Georg Selsvold ein flott 3.plass etter tap for vinnaren Aleksander Hoel, Fokus. Thomas Låte spelte seg også fram til finalen i gutar 12 år, men her vart det jamnt tap 9-11 i 5. sett for Borgar Haug, Fokus. Steffen Salomonsen var i sin andre finale i herrer C, men tapte her 2-3 for Andreas Håvardsen, Skjoldar.
I herrer elite vart det stopp i kvartfinalen for Roger Andersson etter 1-4 tap for svenske Sebastian Loso, som seinare gjekk vann klassen. I gutar 15 år spelte Morten Stokke bra og tok 5. plass. Også Jan Roger Andersson og Thomas Låte spelte bra og slo fleire bra spelarar. Jan Roger Andersson pressa blant anna gutelandslagsspelar Mats Hoel til 5 sett. Begge enda på delt 9. plass i denne klassen.

Oppdatert : 29.01.2014

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002