Roger vant eliteklassen under NC Siddistreffen

Siddistreffen i helga var arena for sesongens andre norgescupstevne i bordtennis. Roger Andersson viste nok ein gong solid form då han gjekk til topps i eliteklassen. Roger Andersson som er 41 år held seg i form med mykje fysisk trening i tillegg til 2-3 økter bordtennis i veka. Dette har gitt han eit løft siste året. I helga dunka han ut nesten heile landslaget. I kvartfinalen vart det 4-1 siger mot Eskild Jørgensen, i semifinalen 4-2 mot Lars Rønneberg. I finalen var det årets norske meister Espen Rønneberg som vart satt på plass med 4-1
I den opne klassen sundag, måtte Roger gje tapt for den siste landslagsspelaren, Espen Flaglien med 2-3. Roger hadde også her ein ledelse med 10-7 i 5. og avgjerande sett, men tapte så tilslutt 10-12. Flaglien vant finalen enkelt 3-0 mot rumenske Ferenc Horvath.
Roger Andersson vant som venta enkelt veteranklassen.
I klassen for funksjonshemma møttes igjen dei to Stordspelarane Jan Roger Andersson og Steffen Salomonsen i finalen. Det var like jamnt som vanlig, denne gong var det Jan Roger som trakk det lengste strået og vant 11-9 i 5. og avgjerande sett.
Thomas Låte hevda seg også denne gong høgt oppe på resultatlista. Thomas nådde finalen både i gutar 12 år der det blei ein svært jamn finale som Thomas tilslutt tapte med 9-11 i 5. sett. I gutar 13 år vart det også finaleplass, her vart det tap 1-3 for Finn Vetvik frå Lia.
I gutar 14 år nådde Thomas semifinalen, og gjorde ein god kamp mot gutelandslagsspelar Mats Hoel, då han pressa han til 5 sett.
Ellers tok Georg Selsvold ein 5. plass i herrer junior, det samme gjorde Morten Stokke i gutar 15 år.

Oppdatert : 30.11.2013

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002