Småplukk frå NM turen

Turen bort til Oslo gjekk greit med litt snøfokk over Haukeli og med Cruisekontrollen på . Sidan det var siste dag i februar, og dermed siste dag av Abbamånaden blei det sjølvsagt ein del Abba musikk over fjellet. Nesten framme i Oslo fekk me telefon frå "flygutane" Roger og Øyvind som sjølvsagt hadde greidd å havna på heilt feil hotell, sjølv om dei hadde fått lapp av "Manne" på onsdagstreninga. Fokus hadde vore så flinke at dei hadde fått ein hall der ein måtte parkera på fleire hundre meters avstand. Under opningstalen overraska ordføraren i Oslo Fokus med ein gavesjekk på kr 5000,- Deretter kalla han inn eit inntauingsselskap, og drog inn det 3 dobbelte.......veldig god reklame for Oslo frå kommunen si side. Fokus BTK kan ikkje lastast for dette, og hadde like mykje fark med dette som andre. Det var vel ikkje akkurat ei bomba av vår Ånen var ein av bilane som blei taua inn, det var vel heller typisk, men pytt pytt han drog inn 9000,- på Bjerke seinare på dagen. Sundag var det Jochen Leiss som fekk NTG bussen oppå kranbilen, men Gard Hogslo redda han mesterlig inn med eit par kvite løgnar, så han slapp bota. Stuvaen var som vanlig ute etter å sjarmera jentene, han blei observert både på pizzakiosken, ved bordet og på tribunen. Nils Arne fekk nok av ein "trong bil" som han kalla det, og blei igjen for å sjå finalane og hiva seg på eit fly. Me andre hadde sett finalane før og drog i god tid i håp om å vera heima før midnatt. Det gjekk veldig greit fram til Seljord sjølv om vindauga stort sett var opne på grunn av at Bendiken putra heile vegen. I Seljord meinte Carsten at me hadde litt lite luft i venstre bakdekk, men blei nedstemt. 5-6 km før Åmot var det ikkje meir luft i dekket, og me måtte venta på kranbil. Kranbilen kom, og for ein mann han hadde med seg. Sigfred som sjåføren heitte fekk rygga bilen oppå, og me fekk oss ein tur bakpå plaet til Åmot. Sigfreden drog fram da eina gullkornet etter det andre, og havna i leksikonet vårt med fleire av dei. Me måtte kjøpa nytt dekk, men Manne fekk dratt inn 800 kroner på ein speleautomat mens me venta i Åmot. Resten gjekk greit og me kom heim ein time etter Stuven. Og alle var enige om at det hadde vore ein kjekk tur.
Oppdatert : 03.08.2002

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002