3 nye gull under andre dag av NM for yngre

Laurdag blei da 3 nye gull til Stord BTK under NM for yngre. Jan Roger Andersson tok to gull, mens Bård Skogen og Thomas Låte tok nytt gull i Stiga 11ern, den innlagte klassen for 11 år i dobbel.
Jan Roger vant både gutar funksjonshemma ståande og gutar funksjonshemma open klasse og var klart best i begge klassar. Bård/Thomas fekk meir motstand i dobbel i dag enn i lag i går, og hadde ein hard kamp i semifinalen mot Mats Mykland/Jørgen Bakken,Modum/Eiker. Da blei også veldig jamnt i finalen mot Eirik Haug/Markus Nygård frå Kobra, og Bård/Thomas låg under med 7-9 i 5. og avgjerande sett, men var veldig kald og rolige på slutten og sikra seg sigeren med 12-10 i 5.sett. I mix dobbel i Stiga 11ern blei det ein flott bronse til Bård Skogen saman med Tora Aksnes-Øystese,Hardanger. Dei tok overraskande leiing 2-0 over dei seinare gullvinnarane Mina Driveklepp/Sigurd Sørensen,Volda og Ørsta, men det haldt ikkje heilt inn. Thomas Låte som spelte saman med Zosia Ostrowska,Hardanger kom på 5.plass
I gutar dobbel 15 år tapte Morten Stokke/Jack Feng,Hardanger ein jamn kamp 9-11 i 5.sett mot Kvanvig/Kvanvig,Fokus etter brukbart spel i periodar. I gutar 13 år med heile 138 deltakarar, blei det flott 9. plass både på Bård Skogen og Thomas Låte. Bård imponerte stort då han satte ut Markus Bergaust,Kobra med 12-10 i 5.sett. Også Jan Roger Andersson og Andreas Skjelnes gjekk vidare frå innleiande pulje, medan Torbjørn Haaland såvidt tapte 5.sett i siste puljekamp om å gå vidare
Oppdatert : 16.03.2013

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002