Fleire medaljar under senior NM 3.dag

Sølv til Roger og Steffen siste dag av NM, bronse til Jan Roger. Roger Andersson blei bestemann frå Stord i single på sundag. Roger spelte seg heilt fram til finalen, der Espen Rønneberg blei for sterk denne gong. Flott innsats av Roger som slo ut fleire framadstormande ungdomar på vegen. Geir Erlandsen måtte noko overraskande gje tapt for Vegard Sandberg allereie i kvartfinalen. Mykje skulearbeid og jobb siste halvår får ta noko av skulda, me trur at Geir kjem sterkare igjen.
Tommy Urhaug fekk ein flott 9.plass i single etter tap for Eskild Jørgensen.
I funksjonshemma ståande spelte Steffen bra i puljespelet og slo ut høgare ranka Stig Mortensen. Jan Roger Andersson spelte også bra og gjekk til semifinalen frå den andre gruppa. Dermed møttes Steffen og Jan Roger i semifinalen, og denne gong hadde Steffen full kontroll. I finalen blei som venta Andreas Aulie for sterk
Oppdatert : 10.03.2013

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002