5 sigrar i regionsmeisterskapet på laurdag

Sjølv med berre 6 deltakarar greidde Stord å vinna 5 klassar på laurdag.
Roger Andersson vinner som venta enkelt herrer single, og saman med Atle Irgens blir det også enkel siger i herrer dobbel. Thomas Låte blir regionsmeister i gutar 13 år. Thomas kom seg greit til finalen, men fekk hard motstand av Andreas Håvardsen der. Thomas låg under med 0-1 i sett og 8-10 i andre sett før han greidde å snu kampen.
Det 4. regionsmeisterskapet kom i gutar dobbel der Jan Roger Andersson og Amanuel Odicho vant ein svært jamn finale med 11-9 i 5.sett
Utanom dei 4 regionsmeisterskap titlane, vant Steffen Salomonsen herrer D utan å tapa sett.
Jan Roger og Thomas prøvde seg denne gong i herrer C, og begge gjekk vidare frå puljene, Thomas etter ein god siger over Kjell Lygren,Fjell.
I sluttspelet leverte dei begge bra motstand mot betre spelarar. Jan Roger hadde Håvard Markhus i kne, men tapte tilslutt 2-3, medan Thomas leverte ein jamn kamp mot Per Hartveit
Oppdatert : 25.02.2013

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002