To 3.plassar til Steffen i Malmø Open i helga

3.plass i junior ståande og det samme i klasse 8 blei fasit for Steffen under Malmø Open i helga, her i aksjon i semifinalen i klasse 8)
Laurdag var det dobbel i senior i lag med Aida Dahlen, det blei tap i 2. runde
I herrer junior ståande gjekk det betre. Etter å ha vunne pulja, vant Steffen kvartfinalen med 3-1 over Christoffer Peterson, Stockholm. Semifinalen mot Roger Ljunggren, Stockholm, blei svært jamn og litt dramatisk. I 5.sett leda Steffen 4-0 når motstandaren datt i golvet, litt frustrert og litt småskada kanskje. Det blei ein liten pause før kampen kom i gong igjen, og då var ikkje Steffen på hugget, og tapte 7 strake ballar og 7-11 i 5.sett og dermed kampen og. Det gjelder å ikkje bli satt ut av sånne episodar, og da er noko ein må ta med seg som lærdom. I tillegg oppdaga Steffen etter puljespelet at racketen var knekt og måtte stressa med å få limt ny racket. Også noko lærdom å ta med seg, racketen skal du passa godt på.
Sundag var det ståande klasse 8, her gjekk Steffen vidare med 2 sigrar og 1 tap i pulja. Steffen vant så kvartfinalen 3-0, før det blei tap 0-3 for Fabian Rignell i semifinalen.
Det vert meldt at spelet var betre sundag enn laurdag, og to fine 3. plassar blei resultatet, noko ein må vera nøgd med
Oppdatert : 11.02.2013

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002