5 klassesigrar i ein kald Etne Cup forrige helg

Etne Cup vart for føste gong arrangert i det flotte anlegget Skakkehallen. Dessverre blei turneringa prega av ein hall som til tider kun holdt 12 grader.
Etne BTK kunne ikkje ana på førehand at ein skulle koma til ein så kald hall. Dei ansvarlige for hallen greidde ikkje i noko særleg grad å auka temperaturen under stevnet, og det var egentlig ikkje forsvarlig å gjennomføra. Me har likevel forståelse for at det blei gjort, det hadde vel alle klubbar sannsynlegvis gjort, blir tungt å senda heim 100 deltakarar. Me fekk mange småskadar på våre spelarar som ikkje er bra. Dei ansvarlege for drifta av hallen må ta seg kraftig saman om det skal arrangerast bordtennisstevne der i framtida.
Så over til det sportslege. Me tok 5 klassesigrar, Roger Andersson vant som venta både herrer elite og herrer veteran utan nevneverdige problemer. Thomas Låte vant både gutar 13 år og gutar 15 år, med finalesiger over Andreas Håvardsen, Skjoldar i begge klassar. Steffen Salomonsen vant herrer D etter ein jamn og spanande finale mot Dag Hinrichsn, Skjoldar.
Me går ikkje meir i detaljar, men alle dei yngre Stordspelarane viste god framgong og veldig bra spel. Det medførte mange gode resultat, som resultatlista viser. Kjekt at dei tre jentene, Celina, Guro og Kristin, samt Nicholas viste flott spel i nybyrjarklassane. Etne Bordtennisklubb leverte ellers eit flott stevne med god ledelse og flott kiosk !
For resultatliste, sjå på region vest sine sider på NBTF:
http://www.bordtennis.no/artikkel.asp?reg=3&id=7118
Oppdatert : 20.01.2013

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002