Tommy tok gull i London, fantastisk !

Tommy Urhaug tok i dag eit fantastisk gull i Paralympics etter ein utrulig spennande finale og godt spel.
Foto: Lars Otto Bjørndal
Det blei ein nervøs start for Tommy som tapte første sett 8-11. Tommy sleit litt med servane til Cao Ningning frå Kina men Tommy spelte seg opp og meir bestemt og leverte fleire gode ballvekslingar, vant 11-7 både i 2. og 3. sett. I 4.sett var det jevnt i starten før Tommy fekk nokre ballar forsprang. Tommy behaldt roen på slutten og drog i land 11-9 siger. Tommy har vore i verdenstoppen i 14 år og har imponert oss i mange år, men har ikkje fått det heilt til i OL før. Ein flott bronse blei det rett nok for 4 år sidan, men det er gull Tommy hadde lyst på. Så noko meir fortjent OL gull skal du leita lenge etter. For dei som ikkje veit da, så trenar Tommy like systematisk som Ole Einar Bjørndalen, ingenting er overlatt til tilfeldighetane. Me må og gratulera far Lyder Urhaug som har bidratt mykje til Tommy sin karriere, samt landslagstrenar Jan Bergersen, og Raymond Espenes som har trent med Tommy i mange år. Og så må me gratulera oss sjølv litt på ein sånn stor dag, og tru at me i klubben også har ein liten del av æra. Tommy har tross alt spelt for klubben i 14 år
Oppdatert : 02.09.2012

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002