Flott bordtennishelg med sommarcup og trening

På laurdag hadde me vår årlege sommarcup. I tillegg hadde me trening både fredag og sundag. Thomas Låte(bildet) vant den eine klassen.
På sommarcupen var det 16 deltakarar. Dei 8 beste spelte i herrer elite, dei andre spelte i herrer D. Det var puljespel i begge klassane og både A og B sluttspel. I elite vant Atle etter ytterst knepen siger mot Morten S.(12-10 i 5.sett)
I herrer D vant Thomas Låte, også her blei det 3-2 i finalen mot Andreas Skjelnes. Thomas har trent godt i det siste og fekk god uttelling i helga.
Etter single blei det trekt dobbel, der ein frå elite spelte i lag med ein frå herrer D. Her blei det mange jevne kampar, og til slutt vant Atle Irgens/Njål Tore Bakke 3-2 mot Dag Hinrischn/Thomas Låte i finalen.
Resulat:
Herrer elite:
1. Atle Irgens, Stord
2. Morten Stokke, Stord
3. Jack Feng, Hardanger
4. Håvard Markhus, Hardanger

Herrer D:
1. Thomas Låte, Stord
2. Andreas Skjelnes, Stord
3. Sverre Valderhaug, Bergen HIL
4. Brage Titlestad, Bergen HIL

Herrer dobbel:
1. Atle Irgens/Njål Tore Bakke, Stord/Skjoldar
2. Dag Hinrischn/Thomas Låte, Skjoldar/Stord
3. Simon Feng/Andreas Skjelnes, Hardanger/Stord
3. Morten Stokke/Thomas Aspen, Stord

Ei flott helg med mykje speling for dei yngste
Oppdatert : 18.06.2012

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002