Gåvedryss til Stord BTK og ny avtale om hallen på plass

Stord BTK har fått kr 40.000,- frå Sparebankstifelsen DNB NOR og kr 22.000,- frå Sparebank1 stiftinga Kvinnherad, i tillegg er ny 5 års avtale på plass for bordtennishallen.

Frå Sparebankstiftelsen DNB NOR fekk me kr 40.000,- i støtte til innkjøp av bordtennisbord, som me skal plassera ut på barneskular på Stord. Me plasserer ut 5 bord på to ulike skular, den eine vert Sagvåg skule, den andre er ikkje avklart enda.
Frå Sparebank 1-stfitinga Kvinnherad fekk me kr 22.000,- til innkjøp av høgtalaranlegg. Dette kjøpte me inn til NM for yngre i år, sidan det ikkje er høgtalaranlegg i gamlehallen. Me har tidligare kjøpt inn mikrofon og ekstra høgtalar pluss ein del mindre ting.
Me takkar både Sparebankstiftelsen DNB NOR og Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad for gåvene.
I tillegg har me ny avtale på plass med Stord Idrettspark der me har gratis trening 4 år til(me er 1 år inne i den andre 5-års perioden)
Dette har vore ein lang og hard strid med Stord Idrettspark, noko som har slete veldig på styret dei siste 2 åra, og som dessverre har gått ut over rekrutteringa til klubben. Me håpar no at me kan få fred og ro til å driva med det me skal, nemlig få fleire og betre bordtennisspelarar. Avtalen me har, har dessutan gitt Stord Idrettspark ekstra inntekter på utleige i rackethallen på kr 100.000,-, det har difor vore svært skuffande at me har måtta kjempa sånn som me har gjort for å få denne avtalen på plass.
Oppdatert : 08.06.2012

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002