Georg til topps i Mega Cup, Steffen vant juniorleikane

I juniorleikane som er ei turnering med 10 ulike idrettar for funksjonshemma, var Steffen heilt suveren og vant bordtennisturneringa.
Under Mega Cup på Lørenskog var det heile 350 deltakarar med, deriblant ein del svenske spelarar.
Best av våre var Georg som vant gutar 15 år etter 3-2 i finalen mot Mats Meinseth,Eiker og også slo vinnar av gutar 14 år Anton Bølenius, Spårvegen i semifinalen i 15 år. Erik var ikkje på topp og tapte 1-3 for Edvard Brantzæg,Fokus og kom på 9.plass, Morten blei utslått i pulja
I gutar 14 år var Georg igjen best av våre med 5.plass etter 2-3 tap for ein svensk spelar. Morten kom på 9.plass etter 0-3 tap for Edvar Brantzæg,Fokus. 9. plass blei det og på Erik som fekk eit svært overraskande 1-3 tap for Mats Hoel,Fokus
I herrer B fekk Georg ein bra 3. plass etter tap i semifinalen med 0-3 for vinnaren Petter Fleischer, Molde
I funksjonshemma kom Steffen greit til finalen, der blei det 1-3 tap for Michael Azulai, Steffen var likevel nøgd med spelet sitt.
I gutar 13 år vant Erik pulja greit, mens Morten tapte for ein spelar frå Latvia, men gjekk vidare
Erik fekk ein bra 3.plass etter 1-3 tap for vinnaren Lukas Kopriwa, Spårvegen, Morten kom på 9. plass etter 1-3 tap for samme spelar.
I herrer junior fekk Erik ein bra 5.plass etter 2-3 tap for vinnaren Jamshid Feizi,Gøteborg.
For Erik og Georg er dette siste stevne for Stord BTK. Erik har valgt å flytta til Oslo for å prøva å få betre trening og har meldt overgang til Eiker, medan Georg har valgt å prøva lykken i Volda og Ørsta.
Oppdatert : 05.06.2012

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002