Sølv og bronse til Stord under første dag av NM på heimabane

I 15 år lag hadde Stord w.o. i første runde, vant greit 3-0 mot Fjell i 2. runde. I kvartfinalen var motstandar Volda og Ørsta. Volda og Ørsta baud som venta på hard kamp, og sjølv om Stord vant 3-0 så var det jevne kampar med mykje bra spel. I semifinalen blei det 3-0 siger mot Heros, også her spelte alle på Stordbra. Motstandar i finalen var som venta Fokus som hadde ein hard 3-2 semifinale mot Sarpsborg. Det blei tap 0-3 i finalen og sjølv om Georg, Erik og Morten gjorde sitt beste og kjempa bra, så var Fokus eit hakk for sterke i dag, og dermed må me sei oss godt fornøgd med sølv. Dei 4 sølvgutane er då altså Georg Selsvold,Erik Berge Saue,Morten Stokke og Morten Kleven. Stord 2 med Steffen,Andreas og Amanuel kom på 21 plass, medan Stord 3 med Torbjørn,Sebastian,Johan og Karl Johan blei nr 26
I gutar 11 år spelte Bård og Jan Roger seg fram til semifinale, der motstandar var Laksevåg. Bård og Jan Roger spelte ikkje opp mot sitt beste i semifinalen og når marginane heller ikkje var med, så blei det tap 1-3. Likevel flott bronsemedalje til Bård Skogen og Jan Roger Andersson som begge tok sin første NM medalje. Stord 2 med Thomas Låte og Thomas Aspen fekk ein tøff start mot Oppegård, men kom sterkt igjen og vant dei to neste kampane. Dermed sikra dei seg ein flott 5. plass i gutar 11 år lag, det viser at Stord har ein fin bredde blant dei yngste.
Oppdatert : 23.03.2012

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002