Flott innsats i 4. og 5. divisjon forrige helg

Forrige helg var det kampar i 4. og 5. divisjon i Stavanger, og våre lag leverte ein bra innsats. Stord 3 i 4.divisjon med Jan Roger Andersson, Andreas Skjelnes og Amanuel Odicho møtte som venta veldig hard motstand mot eit sterkt Stavanger 4 lag, men alle spelte bra og sjølv om det blei tap 3-7. Amanuel vant ein kamp, Jan Roger to kampar, spesielt sterkt å slå Ragnar Leffmann. I 5.divijon blei det ein siger og ein uavgjort på Stord 4. Dei spelte med det faste laget, Tony Låte, Thomas Låte og Thomas Aspen. Dei er einaste laget som har greidd å ta poeng frå Stavanger 5 som ledar divisjonen. Kaptein Tony vant alle sine 6 kampar,Thomas L vant 5 kampar, Thomas A vant 1 kampar + dobbel med Thomas L. Thomas og Thomas har spelt mange gode dobbelkampar i serien så langt.
På Stord 5 spelte Johan Drange, Karl Johan Bore Bjølgerud, samt superreserve Tomine Bore Bjølgerud som steppa inn på kort varsel. Kapteinen sjølv Kjetil Bjølgerud var i nordsjøen på jobb.
Både Karl Johan og Johan vant kampar i begge lagkampane og også dei spelte godt i dobbel.
På laurdag er det nye kampar i 4. og 5. divisjon, då er det heimakampar mot Skjoldar, og det blir nokre spennande kampar.
Du kan sjå tabell på: www.bordtennis.no, les under seriespel og 4.divisjon avd. G og 5.divisjon avd. C
Oppdatert : 16.02.2012

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002